Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Kort om stillinga
Vi har ledig  60 % fast stilling som lege med arbeid på dagtid ved Nordhordland legevakt. Stillinga kan kombinerast med vakter ved Nordhordland legevakt, eller anna arbeid som lege i Alver kommune.  

Om Nordhordland legevakt
Nordhordland legevakt (NHLV) er organisert som ei av tre avdelingar under tenesteområde lege- og rehabilitering. Nordhordland legevakt er lokalisert i moderne lokaler på Helsehuset i Knarvik. På dagtid er legevakta for Alver kommune. På kveld, natt og helg er legevakta interkommunal for 7 kommunar. Innbyggjartalet i vaktdistriktet er om lag 45.000. Det er normalt 2 legar på vakt. NHLV er veldreve, med høgt kvalifiserte medarbeidarar. 

Nordhordland legevakt har om lag 24 årsverk i faste stillingar. Legearbeidet blir utført av fastlegar og andre legar med hovudstilling andre stader i eller utanfor kommunane. Gjennom eit år er om lag 100 medarbeidarar knytt til legevakta. Legevaktsentralen er bemanna av sjukepleiarar.

Arbeidsoppgåver
  • Undersøke, vurdere og behandle pasientar som oppsøkjer legevakta
  • Ivareta funksjon som vaktlege kobla til nødnett
  • Bidra til god samhandling mellom øvrig personell, fastlegar, ambulanse og andre aktørar
Kompetansekrav
  • Autorisasjon som lege.
  • Gjennomført LIS1 - teneste
  • Erfaring frå legevakt og kommunale helsetenester, eller anna relevant erfaring
  • Du er vaktkompetent, eller er villig til å bli det
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og muntleg
  • Førarkort klasse B
Dersom du har gjennomført akuttmedisinkurs og er vaktkompetent er dette eit føremon. 

Personlege eigenskapar som vert vektlagt
Vi søkjer etter ein lege som har gode kommunikasjonsevner både med pasienter og kolleger. Vi ønskjer at du er løysingsorientert og kan snu deg raskt i ein spennande og travel arbeidskvardag. Som lege på legevakten er det viktig at du er robust og kan tåle skiftet mellom dei akutte situasjonane, og dei meir vanlege konsultasjonar.  

Vi tilbyr
  • Stor grad av variasjon og sjølvstende i arbeidet
  • Eit svært kompetent og breidt fagmiljø i Helsehuset
  • Løn etter avtale
  • Arbeidstid på dagtid
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova §5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. 


Bli kjent med Alver kommune via denne videoen
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Alver kommune
Kontaktperson
Navn: Grethe H. F. Valdersnes
Telefon: +47 97592151
Arbeidssted
Kvassnesvegen 40
5914 ISDALSTØ
Søk på stillingen