Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Vil du bli vår nye kollega? Vi har ledig fast stilling for overlege i psykiatri frå snarast.

Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde er ein vaksenpsykiatrisk døgnseksjon med 16 plassar der 2 plassar er brukarstyrte. I tillegg er det knytt eit ambulant team til seksjonen som arbeider med å forhindre og/eller redusere antall re-innleggingar og forkorte liggetid.
Vi forsøker å dreie behandlinga frå individuell til gruppebasert behandling der dette er ein behandlingsmessig fordel. Seksjonen har ei rekke gruppetilbod for både inneliggande og polikliniske pasientar. Vi tilstreber å ha fokus på verdibasert behandling for pasientane våre og arbeider med å implementere dette i seksjonen.

Vi har 2 overlegestillingar, 2 psykologspesialiststillingar, fysioterapeut, 2 sosionomar, 4 LIS og aktivitør. Sjukepleiarar, vernepleiarar og hjelpepleiarar jobbar miljøterapeutisk i tett samarbeid med behandlarpersonell.

Hovudtyngda av oppgåvene vil bli i døgn, men enkelte oppgåver kan vere aktuelle mot ambulant team på spesielle saker. Vi er tverrfagleg samansett og tilstreber ein høg fagleg profil. Vi har eit eineståande arbeidsmiljø, og dette gjenspeiler heile seksjonen og behandlinga som vi tilbyr pasientane våre.

Vi gler oss til å møte deg som skal bli vår nye kollega! Ta kontakt med seksjonsleiar for nærmare informasjon.   

Arbeidsoppgåver

  • Behandling, diagnostisering og utgreiing av pasientar
  • Deltaking i tverrfaglege behandlingsmøter
  • Samhandling og tverrfagleg samarbeid med kommunale tenester
  • Deltaking i kvalitetsforbetringssarbeid
  • Undervisning og rettleiing til primærhelsetenesta og legar i spesialisering
  • Vidareutvikling av behandlingstilbodet

Kvalifikasjonar

  • Spesialist innan psykiatri
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du kommuniserer godt både internt og eksternt
  • Du er fleksibel, løysingsorientert og ansvarsbevist
  • Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
  • Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Tilrettelegging for fagleg utvikling
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Studiepermisjon 4 mnd kvart 5. år som spesialist
  • Triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer og fokus på kontinuerleg forbetring
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning med yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande verksemd
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Marit Mork Stenløs
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 472 27 615
E-post: Marit.Mork.Stenlos@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Nøisomhedsveien 12
6416 Molde