Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Vil DU bli med på laget vårt? 

Avdeling for ortopedi SNR har ledig 2 vikariat i 2 år for lege i spesialisering (LIS 3) innan ortopedisk kirurgi i Kristiansund, og 1 vikariat i 2 år i Molde. Vi søkjer ein kollega med interesse for elektiv og akutt ortopedi. Tilsetting frå snarast eller etter avtale.

Avdelinga har drift både i Kristiansund og Molde. Til saman tilbyr vi eit omfattende ortopedisk behandlingsspektrum, samt eigen ortopedisk vaktline.

I Kristiansund har vi 10 overlegar, 6-7 LIS 2/3 og 9 LIS1 (1 professor, 1 førsteamanuensis, 1 universitetslektor og 5 PhD`ar). I tillegg har vi 7-8 LIS1 vikarar i løpet av året. I Molde har vi 6 overlegar og 2-3 LIS 2/3. 

I Kristiansund har vi to sengepostar der ein er dedikert til fast-track protesekirurgi, dagkirurgisk eining. Vi har òg ortogeriatrisk eining for ortogeriatrisk trauma med tilsett spesialist i geriatri. Vidare kan avdelinga tilby:

  • Multidisiplinær behandling
  • Skadepoliklinikk og ortopedisk poliklinikk, samt akuttmottak
  • Osteoporose-poliklinikk med behandlings/ infusjonseining, DXA-maskin, «Capture the fracture» silver star rangering
  • Proteseførebuande eining med fast-track protesekirurgi med 1 døgn liggetid
  • AI-prosjekt (kunstig intelligens) innanfor protesekirurgi inkludert robotkirurgi
  • Operasjonsavdeling med stor verksemd innanfor dei fleste spekter av ortopedien
  • Sub-spesialitetar innanfor hofte- og kneprotesar inkludert omfattande revisjonskirurgi, rygg, barn, hand, fot, artroscopi, komplisert sårbehandling, ortogeriatri , traumekirurgi, komplekse lednære fracturer, osteophorose etc.
  • Utdanningsinstitusjon for medisinstudentar fra NTNU. Vi har 16 studentar i løpet av året i praksis på siste år av studiet
  • Fysioterapeutar, spesialsjukepleiarar, ernæringsfysiolog og klinisk farmasøyt er dedikert til seksjonane våre

Tilbodet i Molde inkluderar eit bredt spekter av operative og konservative behandlingar innan ortopedi, herunder frakturer, hand- og fotkirurgi inkl. diabetes føtter, ortogeriatri, protesekirurgi, artroskopisk behandling av skulder, albue, kne og ankelledd. Spesielle satsingsområder er tverrfagleg behandling av kompliserte sår og av eldre med bruddskadar. Molde sjukehus er traumesjukehus, og ortopedien inngår her i traumeteamet.

Vi har eigen ortopedisk forsknigsavdeling med 11 pågåande store kliniske PhD-prosjektar samt grunnforsknings-prosjekter. Avdelinga produserer ein rekkje publikasjonar i høgt rangerte internasjonale tidsskrifter årleg. Vi har flere PhD`ar i avdelinga, og har såleis veilederkompetanse både for doktorgrads- og mastergrad-prosjekter. Det drives forskning på PhD nivå i betydeleg omfang både i Kristiansund og Molde.

Utdanning og fagutvikling står i fokus hos oss, og undervisning, operasjonsaktivitet og kursdeltakelse blir prioritert.

Arbeidsstad: Kristiansund eller Molde. Ver vennlig å oppgje ønska arbeidsstad i søknaden.
 
Er dette noko for deg er DU velkomen til å søkje på stillinga. Ta gjerne kontakt for ein prat! For informasjon om Molde og Kristiansund - sjå her!

Arbeidsoppgåver

Du får varierte arbeidsoppgåver som lege i spesialisering i ortopedisk kirurgi:

  • Vaktarbeid
  • Operasjon
  • Poliklinikk
  • Visitt
  • Deltaking  i undervisning og kvalitetsforbedringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gjennomført og godkjent LIS1 teneste eller turnusteneste etter gamal ordning
  • Relevante tilleggskvalifikasjoner vektleggast
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg 

Dersom det ikkje vert aktuelle søkarar til LIS-stillinga, vil vi vurdere å tilsette autorisert lege som ventar på LIS1-stilling. Medisinstudentar med lisens kan også vere aktuelle

Personlege eigenskapar

  • Du liker varierte utfordringar
  • Du har interesse for ortopedi og forskning
  • Du har evne og vilje til tverrfagleg samhandling
  • Du har gode kommunikasjonsevner med pasientar, pårørande og andre tilsette
  • Du har god evne til refleksjon over eigen praksis som lege
  • Du har god evne til å gje og motta tilbakemeldingar
  • Du evner å ta ansvar for eigen spesialistutdanning (jfr. forskrift om spesialistutdanning)

Personleg eignatheit, samt arbeidskapasitet og motivasjon vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Kirsti Sevaldsen
Tittel: Seksjonsleiar
E-post: Kirsti.Sevaldsen@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Ortopediske legar SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund
Søk på stillingen