Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Ønsker du varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar på ein veldrevet døgnseksjon med erfarent personell og godt arbeidsmiljø? Ved Øyane DPS har vi ledig stilling som seksjonsoverlege ved psykose døgn. Seksjonen er ein open døgnseksjon med fokus på rehabilitering av pasientar med psykose-problematikk. Seksjonen har 8 sengeplassar, derav 2 treningshyblar for rehabilitering over lengre tid. Personalgruppa er tverrfagleg og består av psykiater, psykologar, LIS-lege, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionom, hjelpepleiarar, miljøterapeutar og assistentar. Vi har fokus på tverrfagleg samarbeid internt på seksjonen og har tett samarbeid med psykose poliklinikk/FACT, samt andre samarbeidspartnare. I behandling har vi fokus på psykologisk behandling, miljøterapi og medikamentelle tiltak. Ernæring, musikkterapi og fysisk aktivitet er også vesentlige element i behandlinga. 

Øyane DPS er eit av tre DPS knytt til Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus. Klinikken flytta inn i nye lokale i 2011 og er lokalisert i naturskjønne  omgjevnader på Straume i Øygarden kommune, om lag 15 min køyring frå Bergen sentrum. Klinikken har sektoransvar for Askøy og Øygarden med om lag 51 000 innbyggjarar over 18 år. Kommunane er i rask vekst og vi har god kontakt med primærhelsetenesta og  fleire samhandlingsprosjekt som er under arbeid. Øyane DPS ønsker å vere førande i å prioritere fagutvikling gjennom kurs, konferansar og høve til fordjuping og vidareutdanning. Vi legg stor vekt på overlegene sine eigne ønsker og moglege rammer. Vi anser det som viktig å vere både lydhøyr og fleksibel, og kan tilby konkuransedyktige vilkår.

Øyane DPS består av:
*  Allmennpsykiatrisk poliklinikk med eige ambulant akutteam (AAT) og MBT team
*  Allmenn døgnseksjon med 10 senger
*  Psykose døgnseksjon med 8 senger
*  Psykosepoliklinikken/FACT tilbyr behandling til menneske med psykoseliding eller mistanke om psykose.

Alle legane møtast ein time kvar veke til faglunsj hvor det er fagleg fokus og støtte. Arbeidsmiljøet i legegruppa og i seksjonane er gode og det er kort veg til både linjeleiar og klinikkdirektør.

Tiltreding etter nærare avtale. Søkarar som ønsker redusert stilling blir også oppmoda til å søke. Forsking knytt til stillinga kan bli tilrettelagd.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, fastsetting av diagnose og behandling av tilviste pasientar
  • Undervising og rettleiing av utdanningskandidatar
  • Medisinsk- og spesialistfagleg ansvar
  • Arbeid i tverrfagleg team

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i psykiatri
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Ønskeleg med erfaring frå psykose
  • Ønskeleg med noko erfaring frå rettleiing av LIS

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert og løysningsorientert
  • Du er tilpasningsdyktig, effektiv og sjølvstendig
  • Du liker å jobbe tverrfagleg internt på egen seksjon og med samarbeidspartnare
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Ein spennande overlegestilling i ein veldreven seksjon med høg tverrfagleg kompetanse
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Mangfaldserklæring
Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Benedicte Skagen
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 56326669
E-post: benedicte.skagen@helse-bergen.no
Navn: Liv Åse Dybdal
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 56326600
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Øyane distriktspsykiatriske senter, psykose døgnbehandling
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Søk på stillingen