Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Vi søker legar som ønsker ei spesialisering i Akutt- og mottaksmedisin.

Mottaksklinkken har 6 einingar, Utgreiingsmottak 1 og 2, Akuttmottak, Korttidspost, Diagnostisk senter og Akuttpost. Utgreiingsmottaket er eit tilbod til pasientar med behov for tverrfagleg utgreiing ved akutt sjukdom. I akuttmottak har Mottaksklinikken sine overlegar eit særskild ansvar for primærvurdering/triage, samt oppfølging av pasientar med høg hastegrad. Kortidsposten er ei observasjonseining for pasientar med avklarte problemstillingar og forventa kort liggetid. Diagnostisk senter er ein poliklinikk med ansvar for eit diagnostisk pakkeforløp for pasientar med mistanke om alvorleg sjukdom/kreft med usikker organtilhøyrsle. Akuttposten er spesialisert på rusproblematikk, i tillegg har vi ei eining for forsking og utvikling.

I 2022 ble det henvist 44 000 pasientar til Akuttmottak på Haukeland Universitetsjukehus, og det var nærare 13 000 ØH avdelingsopphald i sengeeiningane til Mottaksklinikken.

Mottaksklinikken har lege i 100% stilling ved UiB, med bistilling ved Mottaksklinikken og det pågår for tida fleire store kliniske studiar. Motiverte søkarar vil ha gode moglegheiter for å kunne delta i klinikken sin forskingsaktivitet.

Vi har ledig faste stillingar og fleire vikariat i 6 månader. Vikariat kan telle som del av spesialistutdanninga.

For fast stilling gjeld følgande:
Vi tilbyr spesialistutdanning som dekker heile utdanningsløpet i akutt- og mottaksmedisin, og dei fleste læringsmål i LIS 2 for alle indremedisinske spesialitetar. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist. Vi søker primært etter LIS 3 eller erfaren LIS 2. For søkarar med mindre klinisk erfaring vil tenesta initialt fokusere på LIS 2 mål for indremedisin, for meir erfarne søkarar vil tenesta vere mer retta mot LIS 3 læringsmål i Akutt- og Mottaksmedisin med spissa teneste i Akuttmottaket. Det kan påreknast rotasjon til andre avdelingar på sjukehuset for å nå læringsmål lengre ut spesialiseringa. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.

Arbeidsoppgåver

  • LIS-Legane som blir tilsett vil få oppgåver i alle klinikken sine einingar, inkludert teneste i Akuttmottak og vil arbeide tett saman med klinikken sine overlegar
  • LIS-legane vil også ha oppgåver i teama saman med helsepersonell med ulik bakgrunn og kompetanse
  • Det blir vakter i Mottaksklinikken og i tillegg kjem helge- og kveldsarbeid og nattevakter i dei ulike einingane i Mottaksklinikken

Kvalifikasjonar

  • Mottaksklinikken søker etter LIS-legar med ulik medisinskfagleg bakgrunn
  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS-stilling i akutt- og mottaksmedisin 
  • Norsk autorisasjon
  • Søkar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg
  • Forskingskompetanse er ein fordel
  • Det er ønskeleg med fleire års erfaring frå relevant teneste i sjukehus

Personlege eigenskapar

  • Din motivasjon for å arbeide med akutt sjuke pasientar er veldig viktig
  • Vi søker deg som trivast når det er travelt, har pasienten i fokus og er opptatt av god logistikk og høg fagleg kvalitet i akuttkjeda
  • Du må like utgreiing og diagnostikk og du hentar fram det beste i deg når du jobbar i tverrfaglege team
  • Du har brei erfaring og godt klinisk blikk

Vi tilbyr

  • Ein unik moglegheit til utvikling av breiddekompteanse gjennom utgreeiing av pasientar med samansette og uklare problemstillingar
  • Høgt fokus på forsking
  • Spennande, aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø med høgt tempo
  • Lønn etter gjeldande overeinskomst
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling


Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Tarjei Nestegard
Tittel: Einingsleiar
Telefon: 41313301
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Mottaksklinikken, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Søk på stillingen