Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
 
Om avdelinga:
Sotra legevakt er ei 24-timers legevakt/legevaktsentral. Vi er godt organisert og har eit godt arbeidsmiljø.
Legevaktoverlegen er ein del av leiargruppa ved legevakta og vil ha det øvste medisinsk faglege ansvaret.  Du vil ha personalansvar for vaktlegane. Pasienttryggleik og kvalitetsarbeid er ein stor del av arbeidet. Vi har stort fokus på å væra oppdatert og følgje utviklinga innan legevaktsmedisin.
I stillinga inngår det tett samarbeid med einingar båe kommunalt og i resten av den akuttmedisinske kjeda. Legevakta har et tett samarbeid med fastlegar i kommunen, Øyane DPS, andre einingar i kommunen og spesialisthelsetenesta.
Lokala er nye og moderne og ligg i Øygarden lokalmedisinske senter, sentralt plassert på Straume.
Vi søkjar legevaktoverlege i 50% stilling. Om ønskjeleg er det mogleg å få større stilling ved å kombinera med vakter på legevakta eller anna stilling i kommunen.
Legevaktoverlegen vil være ein del av vaktteamet på legevakta.
 
 
Arbeidsoppgåver:
  • Medisinskfagleg ansvar
  • Personalansvar vaktleger
  • Pasienttryggleik og kvalitetsarbeid
  •  
 
Kvalifikasjonar: 
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Fullført norsk turnusteneste/LIS1 teneste
  • Ønskjeleg med spesialitet i allmennmedisin, men dette er ikkje eit krav.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå legevakt
 
Ønskjeleg med:
  • Leiarerfaring
  • Leiarutdanning
  
Personlege eigenskapar:
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Evne til samarbeid på tvers av fag og eining
  • Gode leiareigenskapar
  • Påliteleg
  • Systematisk
  • Fleksibel
  • Fokus på kvalitet og pasientsikkerhet
  • Engasjement for akuttmedisin
 
Anna
 Vi legg stor vekt på at du er personleg egna til stillinga.
 
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Konkurransedyktig løn
 
Kontakt:
Stein Inge Stigen, kommuneoverlege
Mail: stein.stigen@oygarden.kommune.no
Tlf: 55097226
 
Christin Mork,  leiar Sotra legevakt
Mail: christin.mork@oygarden.kommune.no
Tlf. 41 31 54 86
 
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
(Nye) Øygarden kommune
Sotra legevakt
Arbeidssted
Øygarden kommune
Blombakkane
5354 STRAUME
Søk på stillingen