Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Vi har ledig fast stilling for lege i spesialisering i psykiatri ved Molde sjukehus frå 15.05.2023.
Molde sjukehus har 7 ulike psykiatriske seksjonar (blant anna DPS døgn og poliklinikk, alderspsykiatri, akuttpsykiatri og sikkerhetspsykiatri) som saman dekker alle obligatoriske område av spesialistutdanninga i psykiatri.
For LIS3 er det ei rotasjonsordning mellom dei ulike seksjonane slik at LIS3 får gjennomført heile spesialistutdanninga i Molde. Der er fokus på å gi LIS3 ei god spesialistutdanning med tid til klinisk rettleiing, psykoterapirettleiing, deltaking på kurs og undervisning samt fordjupningstid kvar veke.
Det er ei felles primærvaktording for LIS1 og LIS3 lokalisert ved Seksjon for akuttpsykiatri på Hjelset der det nye felles sjukehuset for Molde og Kristiansund er under bygging.
Vaktordninga vil LIS3 vil vere ca 16-delt tilstedevakt med fridag før og etter vakt.
Fast ledig stilling inngår i rotasjonsordning. Oppstartseksjon blir avtalt med søkjar.
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon, må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering
Arbeidsoppgåver
- LIS3 jobbar i tverrfagleg team med ei rekke ulike oppgåver knytta til behandling av dei fleste hovudgrupper av psykiske lidingar
- LIS3 gjer i samarbeid med psykiater vurderingar knytta til medisinske problemstillingar og medikamentell behandling som ein del av jobben
Rettleiing av LIS1 og studentar inngår som ein del av arbeidsoppgåvene.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
- Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Kommuniserer godt både internt og eksternt
- Stor evne til å arbeide tverrfagleg
Vi tilbyr
Ei god spesialistutdanning i psykiatri!
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Det blir gitt økonomisk dekning for gjennomføring av obligatoriske kurs.
Løn etter gjeldande overeinskomstar med eige psykiatritillegg
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår