Kort om arbeidsgiver
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggarar, besøkande og næringsliv. Time kommune har ca. 18 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Time kommune søker fastlege til privat næringsdrift ved Sandtangen legesenter på Bryne.
Oppstart frå 01.06.23, eller etter nærare avtale.
Listetaket er på 1000 pasientar. Gjennomsnittsalder på lista er ca. 35 år og det er 55 % kvinner og 45 % menn.
Økonomiske vilkår ved overdraging av praksis vert forhandla med avtredande lege, jmf. ASA 4310 5-6.
Kommunen kan tilby etableringstilskot og Alis tilskot.
Arbeidsoppgåver
- Følga opp pasientar på liste.
- Det er for tida ingen andre kommunale legeoppgåver knytt til heimelen, men dersom det er ønskeleg, kan dette vera mogleg.
- Legevakt 32-delt ved Klepp og Time legevakt kl. 15-23 kvardagar og kl. 08-23 i helger.
- Nattevakter ved interkommunal legevakt i Hå.
- Delta i administrative oppgåver ved felles drift av legesenteret.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- LIS3 eller spesialist i allmennmedisin
- Krav om politiattest
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner med gode språkferdigheiter i norsk munnleg og skriftleg
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å arbeida strukturert og sjølvstendig
Me tilbyr
- Etableringstilskot på 300 000 med avtalt bindingstid.
- Alis tilskot i tråd med kriterier frå Helsedirektoratet.
- Introduksjonkurs og rådgiving i rekneskap inntil fem timar
Sandtangen legesenter er sentralt plassert på Bryne. Senteret held til i moderne og funksjonelle lokale, er godt utstyrt, mellom anna med ultralydapparat, og husar sju fastlegar. Medhjelparane er stabile og dyktige og består av sjukepleiarar, helsesekretær og bioingeniør. Senteret er veldrive med gode rutinar og godt arbeidsmiljø.