Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Vi søkjer spesialistlege i fysikalsk medisin og rehabilitering i 100% stilling til FMR poliklinikk, Førde sentralsjukehus (FSS).

Som overlege får ein ei sentral rolle der ein i tillegg til arbeid i poliklinikk, oppfølging LIS, og støtte til drift av sengepost vil delta i fagleg utviklingsarbeid. Helse Førde skal i 2024 ta i bruk nytt, moderne og framtidsretta sjukehusbygg, og ein er i innføring av nye drifts- og arbeidsmodellar. Innan eige fagfelt er ein i prosess mot etablering av eigen sengepost med 8 plassar. P.t. er det fire heile stillingar for lege i avdelinga, to av desse har nær fullført spesialisering.  

Seksjonen omfattar Poliklinikk for fysikalsk medisin og rehabilitering, Smertepoliklinikk og Lærings- og meistringssenter. Per i dag har avdelinga 4 senger for rehabilitering i felles sengepost for nevrologi, revmatologi og rehabilitering. Både i poliklinikk og sengepost er det tverrfagleg samarbeid med sjukepleie, fysioterapi, ergoterapi, sosionom, logoped, psykolog og nevropsykolog.

Avdelinga har siste åra vorte tildelt midlar knytt til fleire innovsjasonsprosjekt for bruk av nye metodar og ny teknolog innan rehabilitering og behandling. Poliklinikken har samarbeid med NAV for pasientar i Helse i Arbeid og samarbeid med andre avdelingar på huset knytt til ulike fagområde. Tilgangen på spesialisthelsetenester tilhøyrande sjukehuset er god. 

Den som vert tilsett vil tre inn i rolle som utdanningsansvarleg overlege med rettleiing til LIS, og medisinskfagleg rådgjevar.

Oppstart stilling: etter nærare avtale 

Arbeidsoppgåver

  • Til stillinga ligg ordinært klinisk pasientarbeid, individuelt og i gruppebaserte tilbod
  • Deltaking i fagleg utvikling av tenestene og organisering av denne
  • Samarbeid internt og eksternt 
  • Undervisning knytt til pasientopplæring og intern kompetanseutvikling
  • Bistand smertepoliklinikk kan bli aktuelt

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer spesialistlege med interesse for tverrfagleg samarbeid og arbeid i team, erfaring frå spesialisthelseteneste 
  • Relevant erfaring relatert til samansette muskel- og skjelettplager, smerter, arbeidsretta rehabilitering og tverrproffesjonelt arbeid er ønskjeleg
  • Gode kommunikative og norskspråklege ferdigheiter 

Utdanningsretning 

  • Spesialistlege fysikalsk medisin og rehabilitering 

Personlege eigenskapar

  • Engasjement for fagfeltet og pasientgruppa, ønskje om å vidareutvikle kompetansen og tilbodet i eigen seksjon og helseføretaket for øvrig
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og omsynsfull.
  • På jobb er du positiv, strukturert, løysingsorientert og raus 
  • Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
  • Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt

Vi tilbyr

  • Kompetent tverrfagleg arbedismiljø og varierte arbeidsoppgåver 
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Moglegheit for fagleg utvikling

Språk

  • Norsk
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktpersoner
Navn: Stig Igland
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: (+47) 906 32 871
Navn: Are Mikael Lillebø
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: (+47) 988 52 113
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Læring, meistring, fysikalsk medisin og rehabilitering, Helse Førde
Førde Sentralsjukehus
6807 Førde
Søk på stillingen