Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Avdeling for rusmedisin, Haukeland universitetssjukehus utlyser ein 100% forskarstilling over ein åremålsperiode på 3 år. Halvparten av stillinga er knytt opp mot eit forskingsprosjekt for heroinassistert behandling (HAB-prosjektet), medan den andre halvparten er knytt opp mot ATLAS4LAR og ATLAS4Dependence. Studiane er intervensjonsstudiar med mål om å betre helsa hos personar med rusavhengighet. Forskinga er integrert tett opp til klinisk behandling ved LAR-poliklinikkar.

Les meir om prosjekta via våre nettsider    www.helse-bergen.no/bar

Arbeidsoppgåver

  • Leie og bidra til analysar av kvantitative helsedata og økonomiske og helseøkonomiske analysar
  • Jobbe i samarbeid med forskingruppa med kvantitative forskingsanalysar
  • Bidra i evaluering av kva som bør prioriterast 

Kvalifikasjonar

  • Har doktorgrad (eller tilsvarande kompetanse) og relevant utdanning knytta mot økonomi eller helseøkonomi
  • Erfaring frå forskingsprosjekt som nyttar kvantitative økonomiske eller helseøkonomiske metodar
  • Erfaring med helseforsking vil vurderast positivt
  • God kjennskap til norsk og engelsk, skriftleg og munnleg 

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst
  • Strukturert
  • Sjølvstendig
  • Nøyaktig
  • Gode kommunikasjonsevner

Søknaden skal innehalde

  • Ein kort oppsummering av relevant kompetanse, erfaring og motivasjon for å søke stillinga
  • CV
  • Kontaktopplysningar til to personar som kan vere referanse
  • Liste over relevant vitenkapeleg arbeid (publikasjonsliste)
  • Vi gjer merksam på at søknadar blir vurdert med den informasjonen og dei vedlegga som er knytta til søknaden i Webcruiter når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller norsk, og eventuelle omsettingar må vere attesterte. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen 

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Lønn i prosjektfinansiering og føretakets satsar
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som støttar og oppmuntrar kvarandre


Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Forsker
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Lars Thore Fadnes
Tittel: Forskingsgruppeleiar
Telefon: 97704360
E-post: lars.thore.fadnes@helse-bergen.no
Navn: Arild Opheim
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 91314247
E-post: arild.opheim@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Avdeling for rusmedisin / AFR Forsking, Helse Bergen
Østre Murallmenningen 7
5012 Bergen