Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Har du lyst på en endring til det bedre i 2023?
I Molde har vi muligens landets hyggelegaste indremedisinske avdeling. Vi er i vekst, har stort fagleg fokus og i tillegg set vi trivsel på jobb høygt  Vi freistar med svært dyktige kolleger, nytt sjukehus under bygging, fantastisk utsikt og drøssevis av fritidsmoglegheiter i Norges vakraste fylke.

Ved seksjon Medisinske legar Molde har vi ledig ei fast stilling for Lege i spesialisering med utdanningsløp innan infeksjonsmedisin. Seksjonen har 3 overlegar, men manglar i øyeblikket LIS3. Har ellers, til eikvarr tid, 2 LIS i rotasjon og 2/3 LIS1 i rotasjon.

Infeksjonsmedisinsk seksjon dekker over eigen sengepost, infeksjonsmedisinske pasientar på intensiv, lokalt antibiotikateam, samt infeksjonsmedisinske problemstillingar på konsultativ basis for heile Nordmøre og Romsdal. I tillegg har vi infeksjonsmedisinsk poliklinikk med eigen tilknytta sjukepleiar. Vi har penicillinallergipoliklinikk som har fått nasjonal oppmerksomheit. Vi vil og trekke fram vårt spesielt gode og tette samarbeid med sjukehuset si mikrobiologiske avdeling, med daglege felles morgengjennomganger og fleire felles infeksjonsmøter i veka, bla på intensiv. Her er det store moglegheiter for å møte et bredt spekter av infeksjonsmedisinske problemstillinger, sammen med et høykompetent kollegium. 

Vi søker deg som har lyst til å prøve deg på infeksjonsmedisin, eller kanskje allerede er fast bestemt på at det er det du skal bli.

Sjukehuset vårt er av perfekt størrelse. Lite nok til at alle kjenner alle og kvardagslogistikken er god, men stort nok til at ein ikkje får meir ansvar enn ein kan bere. Seksjonen satsar på fagleg kvalitet, utdanning, aukande forskingsaktivitet, utvikling og godt arbeidsmiljø. Vi har til dømes internundervisning med høg kvalitet, eit av landets kanskje beste medisinske akutt team leia av LIS2/3 i vakt. Vi har og tidleg og systematisk opplæring i vaktrelevante prosedyrer og bruk av ultralyd, veldifferensierte poliklinikkar med høgt fagleg nivå og fokus på å ha det kjekt på jobb. Vi har eit tett og godt samarbeid med andre seksjonar på huset, fredagskonfekt, is i fryseren, kaffe i koppen, god humor, spreke kollegaer og eit nytt sjukehus Nordmøre og Romsdal under bygging og utvikling.

Vil du vere med på laget? Lære indremedisin og infeksjonsmedisin i eit miljø kor du har store store moglegheiter for fagleg utvikling, personlig utvikling og kjekke dagar?
Vi har 3-delt vaktordning med LIS1 og LIS2/3 tilstade heile døgnet. Overlege i bakvakt som er heime på natt. 12-delt vaktordning for LIS2-3. Det er sett av tid i plan til rettleiing og fordjupning. 

Oppstartsdato gjerne så tidleg som mogleg. Dette kan vurderast i samråd med aktuelle søkjarar. Gode moglegheiter for forlenging av vikariat.

Arbeidsoppgåver

  • Gjeldande vaktordning.
  • Her får du mykje ansvar, men i trygge rammer.
  • Du vil få god opplæring i akuttprosedyrer og i bruk av ultralyd.
  • Arbeid som LIS ved sengepost og poliklinikk.
  • Du vil få mulighet til å rettleiie og supervisere LIS1.
  • Med bakgrunn i eigne interessefelt tilrettelegg vi så godt som mogeleg for personleg fagleg utvikling. Det er gode moglegheiter for å drive innovativt medisinsk arbeid hos oss. 

Kvalifikasjonar

  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Mestre norsk språk - Skriftlig og muntlig tilfredsstillande
  • Erfaring frå relevant stilling blir vektlagt
  • Utdanningsretning innan indremedisin fra før er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du jobber godt alene og i team
  • Du er strukturert og fleksibel
  • Du deltar aktivt i arbeidet med å ha et godt arbeidsmiljø
  • Du er sulten på ny kunnskap og erfaring
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Ei glitrande moglegheit til å bli ein god indremedisinar og infeksjonsmedisiner
  • Spesielt godt arbeidsmiljø og en trivelig arbeidshverdag med stort faglig fokus.
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Ida Camilla Monn Birkhaug
Tittel: Seksjonsleder (lege)
E-post: Ida.Camilla.Monn.Birkhaug@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinske legar Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Molde sjukehus
6412 MOLDE