Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Har du lyst på ei endring til det bedre i 2023?

I Molde har vi muligens landets hygglegaste indremedisinske avdeling. Vi er i vekst, har stort fagleg fokus og i tillegg set vi trivsel på jobb høgt.  Vi freistar med svært dyktige kolleger, nytt sykehus under bygging, fantastisk utsikt og drøssevis av fritidsmoglegheiter i Norges vakraste fylke.
Ved seksjon Medisinske legar Molde har vi ledig ei fast stilling for Lege i spesialisering med utdanningsløp innan lungemedisin. Seksjonen er ei veldifferensiert avdeling som er godkjent for utdanning i generell indremedisin, kardiologi, lungemedisin, gastroenterologi, hematologi, infeksjonsmedisin og endokrinologi. 

Sjukehuset er av perfekt størrelse. Lite nok til at alle kjenner alle og kvardagslogistikken er god, men stort nok til at ein ikkje får meir ansvar enn ein kan bere. Seksjonen satsar på fagleg kvalitet, utdanning, aukande forskingsaktivitet, utvikling og godt arbeidsmiljø. Vi har til dømes internundervisning med høg kvalitet, eit av landets kanskje beste medisinske akutt team leia av LIS2/3 i vakt. Vi har og tidleg og systematisk opplæring i vaktrelevante prosedyrer og bruk av ultralyd, veldifferensierte poliklinikkar med høgt fagleg nivå og fokus på å ha det kjekt på jobb. Penicillinallergipoliklinikk som har fått nasjonal oppmerksomheit, antibiotikateam som stadig utviklar og forbedrer arbeidet vårt. Vi har eit tett og godt samarbeid med andre seksjonar på huset, fredagskonfekt, is i fryseren, kaffe i koppen, god humor, spreke kollegaer og eit nytt sjukehus Nordmøre og Romsdal under bygging og utvikling.


På lungemedisinsk seksjon jobbar vi både ved sengepost, på intensiv, på lungemedisinsk poliklinikk og på kreftpoliklinikken. Vi har stort fokus på fagleg kvalitet, teamarbeid, supervisjon i kvardagen og felles diskusjon. Per i dag er det 3 overlegar ved seksjonen og 1 LIS3 i lungemedisin. I tillegg er det faste LIS2 i rotasjon og LIS1.

Vil du vere med på laget? Lære indremedisin og lungemedisin i eit miljø kor du har store store moglegheiter for fagleg utvikling, personlig utvikling og kjekke dagar?
Vi har 3-delt vaktordning med LIS1 og LIS2/3 tilstade heile døgnet. Overlege i bakvakt som er heime på natt. 12-delt vaktordning for LIS2-3. Det er sett av tid i plan til rettleiing og fordjupning. 

Oppstartsdato gjerne så tidleg som mogleg. Dette kan vurderast i samråd med aktuelle søkjarar. Gode moglegheiter for utvidelse av vikariat.

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.

Arbeidsoppgåver

  • Gjeldande vaktordning.
  • Her får du mykje ansvar, men i trygge rammer.
  • Du vil få god opplæring i akuttprosedyrer og i bruk av ultralyd.
  • Arbeid som LIS ved sengepost og poliklinikk.
  • Du vil få mulighet til å rettleiie og supervisere LIS1.
  • Med bakgrunn i eigne interessefelt tilrettelegg vi så godt som mogeleg for personleg fagleg utvikling. Det er gode moglegheiter for å drive innovativt medisinsk arbeid hos oss. 

Kvalifikasjonar

  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Mestre norsk språk - Skriftlig og muntlig tilfredsstillande
  • Erfaring frå relevant stilling blir vektlagt
  • Erfaring innan indremedisin, eller annen relevant spesialitet, fra før er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du jobber godt alene og i team
  • Du er strukturert og fleksibel
  • Du deltar aktivt i arbeidet med å ha et godt arbeidsmiljø
  • Du er sulten på ny kunnskap og erfaring
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Ei glitrande moglegheit til å bli ein god indremedisinar og lungemedisiner
  • Spesielt godt arbeidsmiljø og en trivelig arbeidshverdag med stort faglig fokus.
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
    Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
    Stillingskategori
    Lege i spesialisering
    Arbeidsgiver
    Helse Møre og Romsdal HF
    Kontaktperson
    Navn: Ida Camilla Monn Birkhaug
    Tittel: Seksjonsleder (lege)
    E-post: Ida.Camilla.Monn.Birkhaug@helse-mr.no
    Hjemmeside
    Arbeidssted
    Medisinske legar Molde, Helse Møre og Romsdal HF
    Molde sjukehus
    6412 MOLDE