Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Sjukehusa i Nordmøre og Romsdal ligg i vakre omgivelser med nærleik til fjord og fjell. Radiologisk avdeling Molde og Kristiansund er sentrale i diagnostikk og oppfølging av mange tilstander og er viktige i drifta av sjukehusa.
Radiologisk avdeling har eit utstrekt samarbeid med kliniske avdelingar. Til saman utfører avdelinga rundt 100 000 undersøkingar kvart år, fordelt på alle modalitetar.
Molde sjukehus har eit inkluderande og aktivt LiS-miljø, både i avdelinga og elles i sjukehuset.
I 2025 står det nye sjukehuset (SNR) klart og skal takast i bruk i løpet av første halvår. Der vil vi mellom anna få fylkets første 3 Tesla MR.
Vi har ledig fast stilling for lege i spesialisering frå 1. mars, evt oppstart etter avtale. Dersom det blir intern tilsetting vil det bli ledig vikariat ved avdelinga.
Avdelinga har samarbeid med St. Olavs hospital om gjennomføring av deler av spesialistutdanninga.
Vi ber om at attestar/tenestebevis frå tidlegare arbeidsforhold blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad
Arbeidsoppgåver
- Radiologisk avdeling har eit breitt tilbod innan vanleg radiologi, med røntgen, ultralyd, CT, mammografi og MR. Vi har i tillegg eit nokså stort og aukande antal intervensjonar som kan tilbydas frå avdelinga.
- Vi deltek på multidisiplinære team og har daglege demonstrasjonar for fleire avdelingar. Som LIS byrjar ein med beskriving av røntgen, CT og ultralyd under god supervisjon av overlegar.
- Etter kvart vil ein få jobbe med eit breitt utvalg av undersøkingar. Etter opplæring starter ein i vakt. Vakta er tilstades ved sjukehuset i Molde, men dekkjer sjukehusa både i Molde og Kristiansund.
Kvalifikasjonar
- For å bli spesialist er det etter nye reglar nødvendig med gjennomført og godkjent LIS1-tjeneste. Vi kan vurdere tilsetting i kortere vikariat (t.d. til over sommaren) av lege utan gjennomført LIS1-tjeneste, men ei viss klinisk erfaring er ønskeleg.
- Må kunne mestre norsk språk (ev. svensk/dansk), og ha god muntleg og skriftleg framstillingsevne.
Personlege eigenskapar
- Som LIS i radiologi bør du ha god klinisk forståing
- Gode evner til samarbeid. Vi har stor grad av samarbeid med legar i andre avdelingar, med radiografar og med andre faggrupper
- Ein bør vere lærevilleg og fagleg interessert
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår