Kort om arbeidsgiver
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.
Ulstein kommune søkjer ny kommuneoverlege.
Legetenesta ligg under helse og omsorg, og kommunalsjef for helse og omsorg er næraste overordna for kommuneoverlegen.
Vi har godt samarbeid mellom helse og oppvekst i Ulstein, der heilskapleg innsatstrapp vert satsa på.
Vi har god legedekning/ veldrive privat legesenter med ti fastlegar som er næringsdrivande og to LIS1.
Førsteplass på kommunebarometeret 2022 syner at vi driv godt, og ungdata viser at ungdomane i kommuna trivast.
Det er utarbeida heilt fersk legeplan som ein kan lese
her.
Arbeidsoppgåver
- Leiar for legetenesta i kommunen med fag, økonomi og personalansvar
- Oppgåver som etter lovverket ligg til kommuneoverlegen
- Medisinskfagleg rådgjeving
- Ansvar for samfunnsmedisinske funksjonar
- Overordna ansvar for smittevern
- Folkehelse og miljøretta helsevern
- Deltaking i kriseleiing
- Deltaking i helsefellesskapet
- Andre oppgåver kan verte lagt til
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent lege med norsk autorisasjon
- Leiarkompetanse og erfaring som leiar kan vere nyttig
- Spesialistutdanning i samfunnsmedisin vert vektlagt eller ynskje om å starte spesialisering
- Allmenmedisinsk erfaring ev. spesialitet i allmenmedisin og anna medisinsk erfaring/utdanning vert og vektlag
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner
- Analytisk og evne til å tenke heilskapleg
- Gode samarbeidsevner
- Fleksibel og løysingsorientert
- Utviklingsorientert og innovativ
Vi tilbyr
- Spennande utviklingsoppgåver i eit godt og tverrfagleg fagmiljø.
- Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- Høve til vidare fagleg utvikling innan leiing og samfunnsmedisin
- Deltaking i etablert nettverk for kommuneoverlegar på Søre Sunnmøre
- Lønn etter avtale
- Tilrettelegging for spesialisering i samfunnsmedisin
- God pensjon- og forsikringsordning i KLP