Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig vikariat i 6 månader for lege i spesialisering i thoraxkirurgi. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.
For vikariat kan Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan òg søke og bli vurdert dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar

Hjarteavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus er ei spesialavdeling der all utgreiing og behandling avhjartesjukdommar er samla. Hjarteavdelinga driv med høgt spesialisertverksemd innan følgjande område: Ikkje-invasiv-diagnostikk og behandling, thoraxkirurgi, intensivmedisin og overvaking, pacing og hjartesvikt, tachyarytmi, preventivkardiologi og kongenitt kardiologi. Utviklinga innan behandlingsmetodar er framtredande og forskingsaktiviteten er høg. Avdelinga har 2 storesengepostar, ei intensiv- og overvakingseining samt fleire spesiallaboratoriumog poliklinikk.

Thoraxkirurgisk seksjon tar hand om om lag 1000 inneliggjande pasientar årleg,og har i tillegg poliklinisk verksemd. Det blir utført om lag 700 operasjonar med bruk av ekstrakorporeal sirkulasjon årleg. Innanfor non-kardial kirurgi,der lungekirurgi, mediastinal kirurgi og pectusoperasjoner dominerer, blir det no årleg gjort om lag 300 operasjonar. Vidare har sjukehuset regionalttraumesenter som gjev aukande krav til verksemda. Seksjonen har 7 overlegestillingar og 6 LIS stillingar.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid innan hjartekirurgi, lungekirurgi og generell thoraxkirurgi medrekna traumatologi
  • Postarbeid uten vaktteneste

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i thoraxkirurgi
  • For vikariat kan Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan òg søke og bli vurdert dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar
  • Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Samarbeidsorientert, strukturert og løysingsorientert
  • Stor arbeidskapasitet, effektiv og fleksibel
  • Evne til å syne trivsel i eit aktivt og endringsorientert miljø

Vi tilbyr

  • Eit fagmiljø i kontinuerleg utvikling
  • Ein sosial og aktiv arbeidsplass
  • Ei gruppe av tilsette med høg fagleg kompetanse


Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Vegard Skalstad Ellensen
Tittel: Overlege - Thoraxkirurgi
Telefon: 92240754
E-post: vegard.skalstad.ellensen@helse-bergen.no
Navn: Eivind Solheim
Tittel: Ass.avdelingsdirektør
Telefon: 55976736
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Hjarteavdelinga, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen