Kort om arbeidsgiver
Helse Førde HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider aktivt med pasienttryggleik, brukarmedverknad og leiarutvikling. Vi har sjukehus og psykiatriske institusjonar lokalisert i seks kommunar samt driftar ambulansetenesta. Talet på tilsette er om lag 3000 medan budsjettet er på 2,9 milliardar kroner. Helse Førde er organisert i fire klinikkar med føretaksadministrasjon lokalisert i Førde. Helse Førde er eigd av Helse Vest RHF.
Førde BUP har ledige stilling for overlege/LIS3 frå snarast.
Avdeling for psykisk helsevern for barn og unge er delt i fire seksjonar, ein sengepost og tre poliklinikkar. Ved seksjon Førde BUP er det ledig fast stilling for overlege / lege i spesialisering (LIS 3).
Førde BUP er lokalisert i Dagabygget, og er ein del av eit stort fagmiljø innan psykisk helsevern.
Førde BUP dekker ei barnebefolkning på om lag 12 200 fordelt på 8 kommunar. Vi har spesialistar i alle profesjonar og dei fleste fagstillingar, mange med lang fartstid og erfaring innan feltet. Vi held eit godt fagleg nivå og har oppdatert kunnskap og behandlingskompetanse.
Arbeidsoppgåver
- Utgreie, diagnostisere og behandle psykiske lidingar hos barn og unge
- Samarbeide med førstelinja og andre i spesialisthelsetenesta om eit heilskapleg helsetilbod
- Deltaking i interne og eksterne møter, undervisning, fagutvikling, rettleiing og anna organisatorisk arbeid
- For LIS inngå i for tida 7-delt vaktordning i Psykisk helsevern, for overlege i 5-delt bakvaktordning for Psykisk helsevern for barn og unge
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege, med fullført turnusteneste
- God fagleg vurderingevne
- God norsk framstillingsevne både skriftleg og munnleg
- Erfaring med arbeid i barne- og ungdomspsykiatri vert vektlagt
Personlege eigenskapar
- Gode evner til å møte barn, unge og foreldre slik at dei opplever seg sett og forstått
- Gode evner til å samarbeide med andre på ein likeverdig og respektfull måte
- Fagleg interesse og tydeleg engasjement, med ønskje om å vere med og utvikle behandlingstilbodet vidare
- Gode evner til å arbeide strukturert og målretta, og har høg arbeidskapasitet
- Trivast i eit aktivt miljø og tverrfagleg team
Vi tilbyr
- Tilrettelagt spesialiseringsløp
- Heile spesialiseringa til barne-og ungdomspsykiater kan gjennomførast i Helse Førde.
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit godt og ivaretakande arbeidsmiljø
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Det vert lagt til rette for fagleg og personleg utvikling
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.