Har du lyst på ei endring til det bedre i 2023?
I Molde har vi muligens landets hyggeligaste indremedisinske avdeling. Vi er i vekst, har stort faglig fokus og i tillegg set vi trivsel på jobb høgt. Vi fristar med svært dyktige kollegaer, nytt sjukehus under bygging, fantastisk utsikt og drøssevis av fritidsmoglegheiter i Norges vakraste fylke.
Ved seksjon Medisinske legar Molde har vi ledig eit vikariat for Lege i spesialisering med utdanningsløp innan indremedisin. Seksjonen er ein veldifferensiert seksjon som er godkjent for utdanning i generell indremedisin, kardiologi, lungemedisin, gastroenterologi, hematologi, infeksjonsmedisin og endokrinologi.
Sjukehuset er av perfekt storleik. Lite nok til at alle kjenner alle og kvardagslogistikken er god, men stort nok til at ein ikkje får meir ansvar enn ein kan bere. Seksjonen satsar på fagleg kvalitet, utdanning, aukande forskingsaktivitet, utvikling og godt arbeidsmiljø. Vi har til dømes internundervisning med høg kvalitet, eit av landets kanskje beste medisinske akutt-team leia av LIS2/3 i vakt. Vi har og tidleg og systematisk opplæring i vaktrelevante prosedyrer og bruk av ultralyd, veldifferensierte poliklinikkar med høgt fagleg nivå og fokus på å ha det kjekt på jobb. Penicillinallergipoliklinikk som har fått nasjonal oppmerksomheit, antibiotikateam som stadig utviklar og forbedrer arbeidet vårt.
Vi har eit tett og godt samarbeid med andre seksjonar på huset, fredagskonfekt, is i fryseren, kaffe i koppen, god humor, spreke kollegaer og eit nytt sjukehus Nordmøre og Romsdal under bygging og utvikling.
Dei siste åra har vi hatt økt fokus på utdanning, kvalitet og arbeidsmiljø. Dette medfører at vi har hatt eit økt behov for både overleger og LIS. Vi er no over 50 legar på seksjonen, og gleder oss over at vi bygger robuste fagmiljø for framtida og felles nytt sjukehus, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.
Vil du vere med på laget? Lære indremedisin i eit miljø kor du har store store moglegheiter for fagleg utvikling, personlig utvikling og kjekke dagar?
Vi har 3-delt vaktordning med LIS1 og LIS2/3 tilstade heile døgnet. Overlege i bakvakt som er heime på natt. 12-delt vaktordning for LIS2-3. Det er sett av tid i plan til rettleiing og fordjupning.
Oppstartsdato gjerne så tidleg som mogleg. Dette kan vurderast i samråd med aktuelle søkjarar. Gode moglegheiter for utvidelse av vikariat.
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.