Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Ynskjer du å jobba som fastlege i Friluftshovudstaden i vakre Hardanger?
Ullensvang kommune har 2 vikariat ved Utne legekontor og 1 fast stilling ved Kinsarvik legekontor ledig!

Følgande er ledig:
1 fastlegehjemmel ved Kinsarvik legekontor
Fastlønn + 15% insentiv. Listelengde 850

2 vikariat som fastlege ved Utne legekontor periode 01.02.23 - 31.08.23.
Fastlønn + 15% insentiv. Listelengde 600. Kan slås i sammen til 1 liste om ønskelig


I kommunen har vi totalt 16 fastlegeheimlar og 3 LIS1 legar fordelt på 4 legekontor. Det er godt samarbeid mellom fastlegane og fleire faglege fora
Kommunen er registrert som utdanningsvirksomhet og det leggast til rette for spesialisering med ALIS-avtale. Vi har sidan hausten 2017 deltatt i ALIS VEST prosjektet.
Inntil 20% av stillingen kan nyttast til kommunale oppgåver.
Som fastlege i kommunen må arbeid ved legevakt påreknast. Her er i dag 17 delt vakt, og fri med løn etter vakt. Ullensvang legevakt er ein av tre legevaktstasjonar i Hardanger og Voss legevaktdistrikt. Legevakta er lokalisert på Odda sjukehus.

Søkjaren må ha:
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gjennomført LIS1
  • Meistre norsk språk skriftleg og munnleg
  • Ha gode samarbeidsevner
  • Personleg eigenskap vert vektlagt
  • Det må leggjast fram politiattest før tilsetting
Kommunen kan tilby:
  • Høgt fagleg nivå på tenesta
  • Organisert spesialistutdanning innan allmennmedisin
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • God barnehagedekning
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Gode moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar både sommar og vinter, med Folgefonna- og Hardangervidda nasjonalpark innan kort rekkevidd. Trolltunga, Låtefoss, Folgefonna med Buerbreen og Dronningstien er kjente turistattraksjonar.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune
Kontaktperson
Navn: Therese Kolltveit
Tittel: Verksemdsleiar for legetenesta
Telefon: 915 66 097
E-post: therese.kolltveit@ullensvang.kommune.no
Arbeidssted
Opheimsgata 31
5750 ODDA