Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Klinikk for psykisk helse og rus - Avdeling psykisk helsevern barn og unge - Poliklinikk BUP Kristiansund
BUP Kristiansund er ein del av avdeling for psykisk helsevern barn og unge, som er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund, og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Avdelinga er godkjent utdanningsinstitusjon i spesialiteten barne- og ungdomspsykiatri.
Vi har ledig mellombels stilling for lege. Oppstartdato etter nærare avtale med seksjonsleiar.
Poliklinikken i Kristiansund er organisert i tverrfaglege team: akutt/ambulant team, nevropsykiatrisk team, småbarnsteam og generalistteam. Vi tilbyr spesifikke behandlingstilbod som til dømes FBT, TF-CBT, EMDR og PEF, og har eit godt utvikla pasient- og pårørendeopplæringstilbud. Avdelinga har faglege nettverk på tvers av poliklinikkane i forhold til psykose, spiseforstyrringar, vald og overgrep, personlegdomsproblematikk og akuttarbeid.
Som LIS ved BUP Kristiansund vil du arbeide i tverrfagleg team med overlege og psykologspesialist. Poliklinikken har 3 overlegestillingar og 3 LIS-stillingar.
Poliklinikken har eit ivaretakende og godt arbeidsmiljø, med mykje godt humør og arbeidsglede.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av barn og ungdom med ulike type psykiske lidelsar og utviklingsforstyrringar
- Gi informasjon og oppfølging til foreldre, skule og øvrige samarbeidspartnerar
- Medvirke fagleg gjennom undervisning og teamarbeid
Kvalifikasjonar
- Du må ha norsk autorisasjon eller norsk lisens som lege
- Du må mestre norsk (evt. dansk/svensk) muntleg og skriftleg
- Den som får tilbod om stilling må legge fram godkjent politiattest (vandel) jfr. Lov om helsepersonell §20a.
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner på tvers av profesjonar og yrkesgrupper
- Du kommuniserer godt med pasientar og medarbeidarar
- Du arbeider strukturert og målretta
- Personleg eignaheit, og intrykk frå intervju vil bli vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår