Kort om arbeidsgiver
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nesten 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig tre vikariat i 6 månader for lege i spesialisering i Hjartesjukdomar. Vikariata er ledige frå august, men med høve til tidlegare start. Dei som blir tilsett tar del i vaktordningene på Hjarteavdelinga.
Hjarteavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus er ei spesialavdeling der all utgreiing og behandling av hjartesjukdomar er samla. Avdelinga driv høgspesialisert utgreiing og behandling innan følgande område: Ikkje-invasiv biletdiagnostikk, invasiv koronardiagnostikk/terapi og perkutane ventilimplantasjonar, toraks-kirurgi, intensiv- og overvakingsmedisin, pacemaker-, ICD- og CRT behandling, hjartesviktpoliklinikk, tachyarytmi, preventiv kardiologi og kongenitt kardiologi. Medisinsk utvikling er framtredande, og forskingsaktiviteten er høg. Hjarteavdelinga har to store sengepostar, ei intensiv- og overvakingseining, ein stor torakskirurgisk post, eiga pacemaker-operasjonsstove, fire torakskirurgiske operasjonsstover medrekna hybridstove, tre laboratorium for koronar angiografi/PCI, to elektrofysiologilaboratorier og fleire spesialpoliklinikkar.
Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.
Arbeidsoppgåver
- Primærvakt for Hjarteavdelinga
- Poliklinikk
- Visittgang og postdrift
- Opplæring og deltaking i ulike kardiologiske prosedyrar
- Undervisning
- Forsking/kvalitetssikring
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetting i LIS-stilling i hjartesjukdomar
- Det blir lagt vekt på erfaring innan kardiologi og ønske om å bli kardiolog
- Søkar må meistre norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Samarbeidsorientert, strukturert og løysingsorientert
- Stor arbeidskapasitet, effektiv og fleksibel
- Evne til å syne trivsel i eit aktivt og endringsorientert miljø
- Interesse for forsking
Vi tilbyr
- Løn i tråd med tariffavtale
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Høgt fagleg nivå
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.