Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Psykiatrisk klinikk har ledig 100% fast stilling for overlege som er spesialist i enten rus- og avhengighetsmedisin, psykiatri, allmennmedisin eller i generell indremedisin, stillinga er lokalisert på Kyrkjebø.

Rus døgn har 15 plassar som omfattar 3 plassar for avrusing, 4 stabiliseringsplassar og 8 plassar for rehabilitering. Av desse er ein plass brukarstyrt. 
seksjonen er regiondekkande for Helse Vest. Det er psykiater, psykologspesialist og LIS knytt til posten.

Rus døgn driv behandling og rehabilitering innan psykiatri og rusproblematikk for Helse Vest. Vi har 15 døgnplassar, og er ein open post for rusbehandling (TSB). Vidare har vi ei aktivitetseining med tilbod om fysisk aktivitet, friluftsliv og ulike arbeidsaktivitetar. Seksjonen har omlag 60 tilsette. Frå 2023 er det plan om å utvide tilbodet til 20 plassar og ytterlegare 10-12 årsverk.

TSB er eit satsningsområde, og avdelinga ønskje å styrke vår medisinskfaglege kompetanse og faglege utvikling ytterligare. Vi arbeider stadig med å betre tilbodet til pasientgruppa vår 

Psykiatrisk klinikk er eit distriktspsykiatrisk senter for kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn, sentralsjukehusoppgåver med akutt døgn med ØH plikt, tryggleikspost, vaksenhabilitering og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har 18 faste legestillingar, LIS1 og medisinstudentar vår og haust.

Mars 2021 har vi flytta inn i nybygg ved sentralsjukehuset i Førde, med 4 sengepostar, poliklinikk og Førde BUP. Rus døgn vil fortsatt vere på Kyrkjebø.
LIS3 som har under 1 år igjen til å bli psykiater kan også bli vurdert for stilling som
overlege. 

Avdelinga har fleire spennande prosjekt innan forsking og utvikling. NORSE tilbakemeldingsystem er utvikla ved vår avdeling.

Arbeidsoppgåver

  • Hovudoppgåva er å vurdere, diagnostisere og behandle tilviste pasientar
  • Den som vert tilsett må ventast å ta del i utvikling av fagtilbodet ved avdelinga
  • Ein må pårekne å gjere teneste ved sengepostar og poliklinikk etter dei behov avdelinga har
  • Rettleiing/opplæring til legar i spesialisering og anna helsepersonell
  • Samarbeid internt og med eksterne samarbeidspartar

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i enten rus- og  avhengighetsmedisin, psykiatri, allmennmedisin eller i generell indremedisin.
  • Gode språkkunnskapar, både skriftlege og munnlege, er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
  • Kvalifiserte søkjarar kan få tilbud om vidare utdanningsløp med tanke på å bli spesialist i rus- og avhengighetsmedisin
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt
  • Du må ha førerkort i klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du har humor, ro, tålmodigheit og empati
  • Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad

Språk

  • Norsk
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktpersoner
Navn: Elin Lysne
Tittel: Seksjonsleiar Rus døgn
Telefon: (+47) 577 14 316 /905 13 981
Navn: Sigmund Bjørhovde
Tittel: Seksjonsleiar Behandlere
Telefon: (+47) 578 39 470
Navn: Svein Ove Alisøy
Tittel: Avdelingsjef
Telefon: (+47) 918 16 510
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Psykiatrisk klinikk, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde