Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Har du lyst til å vere med i vårt team på eit av Norges minste sjukehus?

Odda sjukehus har ledig vikariat i 100% stilling innan kardiologi for snarleg tilsetting.


Odda sjukehus er eit lokalt sjukehus for Indre Hardanger omegn og dekkjer eit befolkningsgrunnlag på rundt 11000.
Odda sjukehus har medisinsk- og kirurgisk akuttberedskap. Vi har eit godt tilbod til pasientar med akuttmedisinske tilstandar. Stabilisering av skadde pasientar før overflytting til større sjukehus.
Odda sjukehus har akuttmottak, operasjon, anestesi, overvåking og sengepostar. Alle typar pasientar blir tatt imot og vurdert for vidare behandling.
Vi har godt etablert kirurgisk og medisinsk poliklinikk,dagbehandling, dagkirurgi, røntgen og laboratorietstøttefunksjon. Vi har eit høgt tverrfagleg nivå. Vi har fast tilsette overlegar innan medisin, kirurgi og anestesi.
Velkommen til Odda!
Les meir om vakre Hardanger på hardangerfjord.com https://www.hardangerfjord.com/odda

Arbeidsoppgåver

  • Visitt, postarbeid på overvåking og sengepost og vakter
  • Arbeide ved kardiologisk poliklinikk
  • Bidra til intern undervisning, veiledning og supervisør for LIS 1

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon generell indremedisin og kardiologi
  • Søkjarar som ikkje har norsk/svensk/dansk som morsmål må dokumentere språkkunnskapar skriftlegog munnleg på minimum B2-nivå. 

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevne
  • Gode samarbeidsevner
  • Kjennskap til DIPS arena og Meona er ein fordel

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Tilpassa arbeidstidsordning 
  • Vi vektlegg bruk av informasjonsteknologi og vi bruker talegjenkjenning
  • Gode velferdstilbod for tilsette, f.eks. hytteutleige
  • Moglegheit for hjelp til bustad
  • Godt arbeidsmiljø

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Kari Marie Tjelmeland
Tittel: Avdelingsleiar
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Avdeling somatikk Odda sjukehus
Sjukehusvegen 10
5750 ODDA