Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Ledig fastlegeheimel ved Kremmergården legesenter ledig for overdraging til ny eigar 01.03.2023 eller etter nærmare avtale. 

Kremmergården legesenter eit nytt kommunalt  legesenter i nybygg over kjøpesenteret i hjartet av Ålesund sentrum, med moglegheit for leige av parkeringsplass i same bygg. Legesenteret opna i 2019. Kontoret er godt utstyrt og journalsystemet er CGM journal. Kontoret har 10 fastlegar, dyktige medarbeidarar og godt arbeidsmiljø. Det har vore utarbeida ein gunstig avtale, der legane betalar husleige til Ålesund kommune, som er ansvarleg for drift og bemanning.

Legesenteret har sammen med Daaeskogen legesenter eigen avdelingsleiar. 

Listelengda er per idag 1200 og det er tilrettelagt for 5 kurative dagar. Det er ingen kommunale oppgåver til avtalen, dette kan heller ikkje tilpliktast, om ikkje leigeavtalen og listestørrelsen skulle endrast.

Ålesund kommune er godkjent utdanningsvirksomhet, og vil legge tilrette for spesialisering ialmennmedisin, og du vil få tilbud om ein ALIS avtale. Kommunen vil tilrettelegge for at nyutdannende leger kan tilbys fastlønn 1 år i starten om ein ynskjer dette, før ein går over til sjølvstendig næringsdrivande. Fastlønna lege vil få 15 % bonus på inntjening.

Vilkår for overdragning vært avtalt med heimelshavar etter retningslinjer frå legeforeningen. 

Til heimelen inngår deltaking i interkommunal legevakt. Dette er ei veldreven legevakt, der ein jobbar som sjølvstendig næringsdrivande på kveldsvakt i vekedagane og på helg. Det er fastlønn på natt. 

Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gode kommunikasjon -og samarbeidsevner
  • Personlege eigenskapar for stillinga vil bli lagt stor vekt på.
  • God kunnskap om norsk lovverk
  • Gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
  • Ynskjeleg med sjølvstendig vaktkompetanse.
  • Overtaking av fastlegeheimel føreset framlegging av tilfredstillande politi- og tuberkulinattest.
Personlege eigenskapar
  • Personleg egna for stillinga vil bli lagt stor vekt på
  • Interesse for å vere med å bidra inn i utvikling og drift av legesenteret
  • Interesse for kvalitets- og utviklingsarbeid med fokus på pasientsikkerheit
  • Evne til å jobbe i team
  • Evne til fleksibilitet
  • Godt humør og positiv framtoning
  • God arbeidskapasitet
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Ålesund kommune
Kontaktpersoner
Navn: Henning Pilskog
Tittel: Verksemdleiar
Telefon: 41428558
E-post: henning.leiv.pilskog@alesund.kommune.no
Navn: Lisbeth Løvoll
Tittel: Ass. Verksemdsleiar
Telefon: 91743615
E-post: lisbeth.anita.lovoll@alesund.kommune.no
Arbeidssted
Kremmergården Legesenter
Notnesgata 6
6002 ÅLESUND