Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Seksjon for anestesilegar og smertepoliklinikk Ålesund,  ligg under avdeling for akutt, operasjon og intensiv ved Klinikk Ålesund sjukehus. Grunna permisjon har vi ledig fleire 100 % vikariat som lege i spesialisering innan anestesiologi med tilsetting etter avtale.

Seksjon for anestesileger og smertepoliklinikk inneheld rundt 30 anestesileger og dekker 4 vaktsjikt (primærvakt, bakvakt, flyvakt og helikoptervakt). Vi har 9 delt tilstadesvakt i primærsjiktet, med arbeid i operasjonsavdeling, dagkirurgi, intensiv, akuttmottak og smertepoliklinikk.

Ålesund sjukehus har ein kirurgisk og ein medisinsk intensivavdeling der anestesilegane har ansvaret for kirurgisk side med 10 sengar (3 reine intensivplassar) og intuberte medisinske pasientar. Sentraloperasjonen har 12 stover og har eit breidt spekter av operasjonar (uro, gastro, kar, endo, tann/kjeve, føde/gyn, ortopedi samt ein stove for mindre inngrep/undersøkelsar). På dagkirugen er det øyeoperasjoner, øre-nese-hals, samt gynekologi, ortopedi, bløtkirurgi og tannbehandling.
Nedre grense for anestesi til barn hos oss er 3 månedar/5 kg. 

I tillegg gir vi sedasjon/narkose i samband med ECT, MR og CT undersøkelsar, røntgen intervensjonar og elektrokonverteringar.
Anestesilege deltek i diverse akutteam på sjukehuset (stansteam, MET, traume og akutt barneteam). Som LIS har ein og ein 6 mnd rotasjon ved seksjonen sin smertepoliklinikk.

Sjukehuset vårt ligg omkransa av vakre fjell og fjordar med eit rikt naturlandskap. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge og er med sin vakre Jugendstilarkitektur viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr.

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha norsk autorisasjon som lege, og må legge ved søknadsblankett for legestillingar
  • Må beherska norsk skriftleg og munnleg
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning 

Personlege eigenskapar

  • Du er strukturert
  • Du har gode kommunikasjonsevner
  • Du har gode samarbeidsevne
  • Du trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Det kan bli aktuelt med rotasjon til andre sjukehus i foretaket for å oppnå læringsmål knytt til spesialistutdanninga slik det framgår av offentleg utdanningsplan. Dette vil også framgå av din individuelle utdanningsplan. 

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Kristen Rasmussen
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 48 00 49 11
Hjemmeside
Arbeidssted
Avdeling Akutt, operasjon og intensiv Ålesund
Åsehaugen 5
6017 Ålesund