Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vi har ledig ledig overlegestilling innen fødselshjelp og kvinnesjukdommar ved kirurgisk klinikk, seksjon for gynekologi  
Seksjonen har 10 overlegestillingar og 8 LIS-stillingar. Avdelinga har 1300 fødslar årleg med fødande frå Haugesundsregionen, samt risikofødslar frå Stord og Odda. Avdelinga har høg kvalitet i både gynekologi og fødselshjelp. Fertilitetseininga ved Helse Fonna er mellom dei fremste i landet.

Arbeidsoppgåver

  • Pasientoppfølging.
  • Poliklinikk.
  • Operasjonar (gynekologi/obstetrikk).
  • Vaktarbeid.

Kvalifikasjonar

  • Relevant sjukehuserfaring.
  • Erfaring frå samarbeid på tvers.
  • For stillinga krevst det norsk autorisasjon.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert.
  • Tilpasningsdyktig.
  • Sjølvstendig og kunne fungere godt i team ..
  • Ansvarsbevisst.
  • Fleksibel.

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande avtale.
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, gruppe- og ulykkesforsikring og Fritidsulykkeforsikring.
  • Triveleg arbeidsmiljø.
  • Høgt fagleg nivå.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).
  • Fagleg og personleg utvikling.

 

Mangfaldserklæring

Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, Cand.mag / SIV

Språk

  • Norsk
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Ingvild Svåsand
Tittel: Overlege/funksjonsleiar
Telefon: 52732000
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Gynekologi legar haugesund, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Søk på stillingen