Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Mottaksmodellen er eit nav for rask og presis diagnostikk som gir rett behandling på rett stad til rett tid. Her er pasienten i sentrum og alle klinikkar rundt pasientstraumen blir involvert. I denne modellen har Mottaksklinikken ei nøkkelrolle og vi søkjer ein involverande klinikkdirektør som ønskjer å vidareutvikle ein ennå ung klinikk.

Ei viktig oppgåve blir å sørge for god pasientflyt i samspel med primærhelsetenesta og dei andre avdelingane på sjukehuset. Mottaksklinikken gjer at vi har betre kapasitet til å møte endringane i samfunnet gjennom å;

  • sette sjukehuset i stand til å ta imot ein stadig aukande straum av pasientar
  • sikre rett pasient på rett avdeling ved å samhandle tidleg i forløpet
  • sikre at sjukehuset handterer variasjonar i augeblikkeleg hjelp - tilstrøyming
  • sikre at vi prioriterer tid og personell til dei pasientane som treng det mest

Det er ei sentral oppgåve å sikre at mottaksmodellen blir utvikla og forbetra.

Straumen av akutt sjuke og skadde pasientar aukar stadig. Mottak og fordeling av desse pasientane er heilt avgjerande for god behandling og rett bruk av helsetenester. 

Vi søkjer ein klinikkdirektør som er opptatt av leiarskap, som vil fortsette arbeidet med mottaksmodellen og som bruker sitt leiarskap til å vere drivkraft for denne utviklinga.

Mottaksklinikken blei etablert  i 2016 og består av fem einingar. Akuttmottak, Korttidsposten, og Utgreiingsmottak 1 og 2 ligg i Sentralblokka. Vi har ansvar for mottak av alle pasientar til sjukehuset og behandling av pasientar med kort forventa opphaldstid. Akuttposten er eit medisinsk tilbod ved akutt rus og overdose.

Som leiar blir det viktig å sjå medarbeidarane dine, utvikle eit godt arbeidsmiljø og vidareføre utviklinga i faga mottaksmedisin og geriatri. Som klinikkdirektør blir du også ein viktig samarbeidspartnar for primærhelsetenesta, og for avdelingane og klinikkane på sjukehuset. Mottaksklinikken har om lag 380 årsverk med ei kostnadsbudsjett på om lag 322 millionar kroner. Les meir om Mottaksklinikken her.
 
Du vektlegg kommunikasjon og bygging av relasjon for å skape ein trygg og god arbeidsplass for dine medarbeidarar.

Du leier det  systematiske forbetrings- og utviklingsarbeidet i klinikken gjennom å involvere og ansvarleggjere. Du har god fagleg innsikt, og som leiar er du nysgjerrig og opptatt av å finne den rette balansen mellom god klinisk drift, forsking og utvikling.

Som direktør for Mottaksklinikken er du ein del av føretaksleiinga ved Haukeland universitetssjukehus. Der vil du,  saman med resten av føretaksleiinga, bidra til å løyse vårt felles samfunnsoppdrag. Som klinikkdirektør involverer du dine medarbeidarar og samarbeidspartnarar i å omsette dette til mål og retning for Mottaksklinikken. 

Arbeidsoppgåver

  • Skape sikre og effektive pasientløp gjennom god planlegging og samhandling internt og eksternt
  • Totalansvar for økonomi, personale, drift, fag og kvalitet. Rett behandling gjennom medisinsk prioritering
  • Være ein aktiv bidragsytar for å leggje til rette for vår felles helseteneste
  • Leie strategi-, verdi- og haldningsarbeid
  • Samhandle med andre einingar på sjukehuset, primærhelsetenesta samt universitet og høgskular
  • Bidra til at medarbeidarar er engasjerte med ønskje om kontinuerlig å forbetre eigen arbeidskvardag
  • Legge til rette for opplæring, utdanning og forsking

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg, medisinsk eller anna relevant høgare utdanning på masternivå
  • Relevant leiarerfaring og/eller leiarutdanning/-kurs
  • God kunnskap om spesialisthelsetenesta, våre oppdragsgivarar og samarbeidspartnarar
  • Gjerne erfaring frå endrings- og forbetringsprosessar
  • Har vært involvert i arbeid med mål- og strategiarbeid
  • Kjennskap og kunnskap om tverrfagleg samarbeid og samarbeid med universitet og høgskular

Personlege eigenskapar

  • Inspirerande, involverande og handlekraft
  • Overordna styrings- og gjennomføringsevne
  • Resultat-, økonomi- og organisasjonsforståing
  • Strukturert og planmessig i arbeidet
  • Robust med evne til å være tydeleg og synleg
  • Viser sjølvinnsikt og klokskap i leiarrolla
  • Balanserer refleksjon og analyse med handlekraft

Vi tilbyr

  • Ei spennande og utfordrande leiarstilling i eit sjukehus med stort fokus på kvalitetsforbetring og pasienttryggleik
  • Gode forsikringsordningar og ei av landets beste pensjonsordningar
  • Lønn etter avtale
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Avdelingsleder
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Tove Huse Bjerkevoll
Tittel: Rådgivar innan leiarrekruttering
Telefon: 48073834
E-post: tove.huse.bjerkevoll@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Haukeland universitetssjukehus - Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen