Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Om stillinga
Me har 2 ledige fastløna fastlegestillingar på vårt flotte legesenter i Knutepunktet. Desse er nyleg omgjort frå privat næringsdrivande heimlar til fastløna stillingar. Dette vert den 7. og 8. fastlegeheimelen ved legekontoret.
Stillingane er 100% med snarleg tiltreding.
Listetak på 1000 pasientar, med nedjustering på 200-400 pasientar for andre kommunale oppgåve. For ny eller uerfarne ALIS reknar me 160 pasienter per kurative dag.
Me har også eit ledig vikariat frå midten av februar -23 med varighet til 29.02.2024. Stillinga er fordelt mellom 50% fastlege med ei liste på 500 pasienter, og 30% på institusjon.
Om du allereie er spesialist eller er i spesialisering vil du oppleva eit godt kollegialt samhald, tverrfagleg samarbeid, trygge ramme. Voss er godkjent som utdanningsverksemd og kan tilby avtale for lege i spesialisering (ALIS-avtale).
Me tilbyr gode ALIS-forløp med rettleiing og har fokus på kvalitet i tenesta.
 
Om arbeidsstaden
Voss legekontor har nye og topp moderne lokale i Knutepunktet like ved togstasjonen på Vossevangen. Det er kort avstand til samarbeidsinstanser som NAV, PPT og Helsestasjon då dei er lokalisert i same bygg. Det er også kort veg til legevakta. 
Til saman jobbar det 8 fastlegar, 1 LIS1 lege, 4 sjukepleiarar, 1 helsesekretær og 1 sekretær ved legekontoret. Det er eit godt arbeidsmiljø.
Kontoret nyttar InfoDoc Plenario journalsystem.
Til saman har Voss herad per i dag 19 fastlegeheimlar og 2 LIS1-stillingar. Voss er vertskommune for eit interkommunalt samarbeid om legevakt i distriktet (Voss IKL). Legevakta er velfungerande og for tida lokalisert i same lokale som akuttmottaket på Voss Sjukehus. Dette gir eit godt fagmiljø med kompetente legar og sjukepleiarar. Vaktbelastning er per dags dato ca. 3 - 4 vakter i månaden.
 
Arbeidsoppgåver
Kurativ legeteneste ved Voss legekontor. Ved gjenopning av utekontoret i Granvin kan deltaking i rotasjon hit verte aktuelt.
Deltaking i opplysnings- og folkehelsearbeid.
Kommunalt helsearbeid som arbeid ved sjukeheimar, flyktningsteneste, helsestasjonen og/eller i skulehelsetenesta må påreknast, 1-2 dagar per veke.
Løypande oppgåve knytt til kvalitetsforbetring og utviklingsarbeid.
Inntil ein dag i veka med deltaking i daglegevaktordning lokalt for Voss herad i tillegg til ordinære vakter ved Voss IKL.
 
Me søkjer
- Norsk autorisasjon som lege.
- Er spesialist i allmennmedisin eller i spesialisering til dette.
- Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
- Innehar førarkort klasse B.
-Legen som tilsetjast må ha rett til å motta trygderefusjon.
 
Personlege eigenskapar vil verta vektlagt.
Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i heimelen.
 
Me tilbyr
- listetak p.t. på 1000 pasientar, men vil bli justert ned ved deltaking i andre kommunale oppgåver.
- gode vilkår for fagleg utvikling og rettleiing.
- Tilrettelegging for spesialiseringsløp i allmennmedisin.
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø.
- gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- fastløn etter eigen kompetansestige med startløn på 1 million kr for leger som har fullført LIS1 teneste.
 
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Voss herad
Kontaktpersoner
Navn: Eystein Hauge
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 95261271
E-post: eystein.hauge@voss.herad.no
Navn: Ingunn-Olin Haugen
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: 94136967
E-post: ingunn-olin.haugen@voss.herad.no
Arbeidssted
Voss legekontor
Gurid Almenningensplass
5700 VOSS