Kort om arbeidsgiver
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggarar, besøkande og næringsliv. Time kommune har ca. 18 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Me søker:
Sjukeheimslege i eit 60 % vikariat på Bryneheimen. Arbeidstid er på dagtid. Fagleg relevant erfaring og kompetanse og at den som søker, er personleg eigna, vil verta vektlagt. Oppstart fra 01.01.23 med varigheit opp til eit år. Søkjarar vert vurdert og kontakta fortløpande.
Om arbeidsplassen:
Bryneheimen sjukeheim ligg i Bryne sentrum med gangavstand frå tog- og busstasjonen. Bryneheimen har plass til 58 langtidspasientar fordelte på to avdelingar, inkludert 8 plassar for personar med demens.
Du får arbeida i eit tverrfagleg miljø med fokus på nytenking, kvalitet og brukarmedverknad, med sjukeheimslegen som ein sentral og viktig fagperson. Institusjon i Time kommune har eigen fagutviklar som har fokus på kompetanse, pasientsikkerheit og kvalitet. Det er eit godt samarbeidsklima og eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- klinisk oppfølging og behandling av pasientar
- samarbeid med anna helsepersonell og spesialisthelsetenesta
- samarbeid med pårørande
- utarbeiding og oppfølging av rutinar og kvalitetssikring
- bidra til internundervisning
- rettleiing av legar under LIS 1 spesialisering
- delta på faste emnekurs i sjukeheimsmedisin, vanlegvis fire kursdagar i året
- moglegheit å delta i interkommunal sjukeheimsvakt om det er ønskeleg
Ved fråvær, for eksempel under ferieavvikling, kan det vera aktuelt å samarbeida med sjukeheimslege på Sivdamheimen.
Kvalifikasjonar
- godkjend norsk autorisasjon, HPR-nr. må registrerast i CV
- gjennomført LIS1-teneste eller tilsvarande erfaring
- relevant erfaring
- kompetanse innan geriatri og palliasjon er ønskeleg
- krav om politiattest
Personlege eigenskapar
- søkar må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- gode språkferdigheiter i norsk munnleg og skiftleg, min. B2-nivå
- gode eigenskapar i teamarbeid og pasient-/pårørandekontakt
- fleksibel, positiv og evner å sjå den enkelte
Me tilbyr
- godt arbeidsmiljø
- faglege utfordringar og engasjerte kollegaar
- jamlege møte med kommuneoverlege og samarbeid med sjukeheimslege på Sivdamheimen