Haugesund sjukehus har ledig ein fast stilling som overlege i kardiologi frå 1. mars 2023, tidspunkt kan evt endrast etter avtale.
Haugesund sjukehus har klinikkar for medisin (inkl. barn og nyfødd), kirurgi (inkl. føde/gyn og fertilitet), psykisk helsevern og medisinsk service (inkl.radiologi, klinisk kjemi og patologi). Medisinsk klinikk omfattar indremedisin med greinspesialistar i dei fleste fagområda samt nevrologi, barn, rehabilitering og lærings- og meistringssenter. Klinikken er godkjend som utdanningsavdeling for indremedisin, nefrologi, kardiologi, lungesjukdommar, gastroenterologi, endokrinologi, geriatri og blodsjukdommar.
Innan indremedisin har vi 16 legar i spesialisering og 20 overlegestillingar. I mottak er det siste året ansatt eigne vaktoverleger på dagtid.
Fagområdet kardiologi er organisert under Hjarte- og lungeavdelinga som igjen er ein del av medisinsk klinikk. Det er pr i dag 15 sengeplassar som er regna under fagområdet kardiologi, derav 6 sengeplasser regna til medisinsk intermediær overvaking (MIO). Totalt sett dekker seksjonen det aller meste av fagfelta innan hjartesjukdomar unntatt invasiv kardiologi og andre spesialiserte undersøkingar. Eininga har ansvar for innlegging av pacemaker i Helse-Fonna.
Det er stor aktivitet ved Hjarte poliklinikken som har ansvar for utreiing og oppfølging av pasientar med hjartesjukdomar i regionen. Det er etablert hastepoliklinikk for å gje raskare forløp for pasientar med mistanke om koronarsjukdom. Det er eit godt fagleg miljø innanfor fagområdet kardiologi. Det er totalt 6 overlegestillingar der 4 av desse er besett av erfarne kardiologar. Det er fleire legar i utdanning innan indremedisin og kardiologi. Det er tett samarbeid med spesialsjukepleiarar innan kardiologi og intensiv. Deltaking i felles indremedisinsk vaktlag vil vera del av stillinga.
Andre opplysningar
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.