Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Helse Møre og Romsdal HF - Klinikk for diagnostikk - Avdeling for patologi Ålesund
Avdeling for patologi er lokalisert ved Ålesund sjukehus i Helse Møre og Romsdal HF og er ei av fem avdelingar i Klinikk for diagnostikk.
Vi er kjent for god service med høg fagleg kompetanse innan generell patologi og har i dag fem overlegar og fire LIS-legar. Patologi leverer tenester til både spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta i heile Møre og Romsdal fylke, som har omlag 270 000 innbyggarar. Avdelinga har p.t. kun dagarbeid.
Patologi Ålesund har ledig eitt års vikariat for lege i spesialisering, med høve til forlenging. Oppstartdato etter nærare avtale med avdelingssjef
Attestar/tenestebevis frå tidlegare arbeidsforhold må lastast opp som vedlegg til CV/søknad
Arbeidsoppgåver
- Diagnostikk av biopsiar, operasjonspreparat og cytologiske prøver
- Obduksjon
- Avdelinga er godkjent for 4 år av LIS-utdanning i patologi
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent LIS1 eller anna teneste som er godkjent erstatning for dette.
- Må mestre norsk, eller eit skandinavisk språk (svensk/dansk) godt, både muntleg og skriftleg.
- Kunnskap og ferdigheiter innan fagfeltet blir vektlagt.
- Avdelinga søker ein LIS, som er interessert i, og ønsker å vere med på, oppbygginga av fagmiljøet innan patologi i Møre og Romsdal.
- Og gjennom det vere med på å skape ei framifrå helseteneste for pasientane våre i eit spennande fagmiljø.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Kunne arbeide sjølvstendig
- Vilje til å medverke til eigen og andre sin kompetanse
- God arbeidskapasitet
- Trivast i eit aktivt miljø
- Medverke til eit godt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskapar som passar stillinga vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår