Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Smertepoliklinikken ved Ålesund sjukehus tilbyr tverrfagleg utgreiing og behandling av pasientar med komplekse smerteproblem under leiing av anestesilegar med spesialkompetanse i smertebehandling. Teamet består av sjukepleiar, lege, fysioterapeut og psykolog. Smerteklinikken samarbeidar også med andre avdelingar på sjukehuset.
Overvektspoliklinikken ved Ålesund sjukehus er spesialisthelsetenesta sitt tilbod til pasientar med alvorlig fedme i Møre og Romsdal. Poliklinikken er organisert under kirurgisk avdeling, men tilbodet er tverrfagleg og endokrinolog, kirurg, klinisk ernæringsfysiolog, sjukepleiera og andre faggrupper deltar i pasientbehandlinga. Tilbodet omfattar utgreiing og oppfølging etter både kirurgisk og medisinsk behandling.
Smertepoliklinikken og Overvektspoliklinikken samarbeidar no om ein eitårig prosjektstilling for LIS-lege ved dei to poliklinikkane. Allmennlege som har behov for sjukehustjeneste som ein del av si spesialisering vil bli prioritert , men lege med anna bakgrunn kan og søke. Stillinga kan delast dersom deltid er ønskeleg.
Stillinga er ledig frå 1. mars 2023 eller etter avtale.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her: https://www.fjordnorway.com/no/destinasjoner/alesund--geiranger
Vi ber om at attestar og vitnemål blir lasta opp og lagt ved søknad og CV.
Arbeidsoppgåver
- Polikliniske konsultasjonar ved dei to poliklinikkane under fagleg rettleiing
- Tverrfaglege møter
- Pasientopplæring ved Lærings- og mestringssenteret
- Moglegheit for å delta i forsking og fagutviklingsprosjekt
- Bindeledd mellom primær- og spesialisthelsetjenesta
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Gode norskkunnskapar skriftlig og munnleg
Personlege eigenskapar
- Engasjement for dei aktuelle pasientgruppene
- Empati
- God evne til pasientkommunikasjon og tverrfagleg samarbeid
Vi tilbyr
- Ein lærerik arbeidskvardag
- Regionalt samarbeid og mogelegheit for hospitering ved tilsvarande poliklinikkar i regionen
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår