Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
DPS Ålesund poliklinikk har ledig vikariat i stilling som psykiater frå februar 2023
Poliklinikken er organisert i 3 team. Gruppebehandling, ROP, og Allmennteam. Stillinga er i Allmennteam.
For tida arbeider vi med å utvikle ei organisering slik at den einskilde kan bruke meir tid på å bli god på nokre oppgåver. Allmennteamet er derfor delt i fire, til dels spissa, mindre team. Vi trur dette vil gjere både arbeidskvardagen til medarbeidarane og det faglege tilbodet betre.
I poliklinikken er det mange spesialistar både innan psykologi og psykiatri. Psykiatarar har ei viktig rolle i DPS Ålesund poliklinikk. Vi har eit engasjert fagmiljø som er opptatt av å utvikle seg sjølve og pasienttilbodet.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av menneske med psykiske lidingar
- Deltaking i tverrfaglege behandlingsmøter
- Samarbeid med medarbeidarar i poliklinikken og øvrige einingar i DPS og elles i klinikken
- Deltaking i vaktordninga i klinikken
- Vurderingssamtalar med pasientar med tanke på avklaring av vidare tiltak
- Medisinvurderingar av teamet sine pasientar ved behov
- Deltaking i poliklinikken sitt inntaksarbeid
- Delta i poliklinikken si utvikling av spesialiserte tilbod
Kvalifikasjonar
- Godkjent spesialist i psykiatri
- Må mestre norsk språk, skriftleg og munnleg
- Erfaring frå poliklinisk arbeid
- LIS kan òg søkje dersom det er mindre enn 12 mnd til forventa sluttført utdanning
Personlege eigenskapar
- Positivt innstilt til nye arbeidsformer innan psykiatri/ psykisk helsevern
- Evne til å sette pasienten sitt behov i fokus
- Fleksibilitet kring arbeidsoppgåver
- Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
- Personleg eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Eit fagmiljø som vil utvikle helseteneneste for framtida
- Godt og støttande arbeidsmiljø med fagleg engasjerte kollegaer
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Rekrutteringstillegg
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår