Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Ønsker du å jobbe på den medisinske avdelinga i Norge med den beste utsikta, dei beste kollegaene og drøssevis av fritidsmoglegheiter i Norges vakraste fylke?

Ved seksjon Medisinske legar Molde har vi ledig eit vikariat for Lege i spesialisering med utdanningsløp innan indremedisin. Seksjonen er ei veldifferensiert avdeling som er godkjent for utdanning i generell indremedisin, kardiologi, lungemedisin, gastroenterologi, hematologi, infeksjonsmedisin og endokrinologi.

Vi er ei hyggeleg og inkluderande medisinsk avdeling. Sjukehuset er av perfekt størrelse. Lite nok til at alle kjenner alle og kvardagslogistikken er god, men stort nok til at ein ikkje får meir ansvar enn ein kan bere. Seksjonen satsar på fagleg kvalitet, utdanning, aukande forskingsaktivitet, utvikling og godt arbeidsmiljø. Vi har til dømes internundervisning med høg kvalitet, eit av landets kanskje beste medisinske akutt team leia av LIS2/3 i vakt. Vi har og tidleg og systematisk opplæring i vaktrelevante prosedyrer og bruk av ultralyd, veldifferensierte poliklinikkar med høgt fagleg nivå og fokus på å ha det kjekt på jobb. Penicillinallergipoliklinikk som har fått nasjonal oppmerksomheit, antibiotikateam som stadig utviklar og forbedrer arbeidet vårt.

Vi har eit tett og godt samarbeid med andre seksjonar på huset, fredagsflax, is i fryseren, kaffe i koppen, god humor, spreke kollegaer og eit nytt sjukehus Nordmøre og Romsdal under bygging og utvikling.

Vi har dei siste åra hatt økt fokus på utdanning, kvalitet og arbeidsmiljø. Dette medfører at vi har hatt eit økt behov for både overleger og LIS. Vi er no over 50 legar på seksjonen, og gleder oss over at vi bygger robuste fagmiljø for framtida, felles nytt sjukehus, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.

Vil du vere med på laget? Lære indremedisin i eit miljø kor du har store store moglegheiter for fagleg utvikling, personlig utvikling og kjekke dagar?

Vi har 3-delt vaktordning med LIS1 og LIS2/3 tilstade heile døgnet. Overlege i bakvakt som er heime på natt. 12-delt vaktordning for LIS2-3. Det er sett av tid i plan til rettleiing og fordjupning. 

Oppstartsdato gjerne så tidleg som mogleg. Dette kan vurderast i samråd med aktuelle søkjarar. Gode moglegheiter for utvidelse av vikariat.

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.

Arbeidsoppgåver

  • Gjeldande vaktordning.
  • Her får du mykje ansvar, men i trygge rammer.
  • Du vil få god opplæring i akuttprosedyrer og i bruk av ultralyd.
  • Arbeid som LIS ved sengepost og poliklinikk.
  • Du vil få mulighet til å rettleiie og supervisere LIS1.
  • Med bakgrunn i eigne interessefelt tilrettelegg vi så godt som mogeleg for personleg fagleg utvikling.
  • Det er gode moglegheiter for å drive innovativt medisinsk arbeid hos oss. 

Kvalifikasjonar

  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Mestre norsk språk - Skriftlig og muntlig tilfredsstillande
  • Erfaring frå relevant stilling blir vektlagt
  • Utdanningsretning innan indremedisin fra før er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du jobber godt alene og i team
  • Du er strukturert og fleksibel
  • Du deltar aktivt i arbeidet med å ha et godt arbeidsmiljø
  • Du er sulten på ny kunnskap og erfaring
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Ei glitrande moglegheit til å bli ein god indremedisinar, og mulighet for videre spesialisering
  • Spesielt godt arbeidsmiljø og en trivelig arbeidshverdag med stort faglig fokus.
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Ida Camilla Monn Birkhaug
Tittel: Seksjonsleder (lege)
E-post: Ida.Camilla.Monn.Birkhaug@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinske legar Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Molde sjukehus
6412 MOLDE
Søk på stillingen