Kort om arbeidsgiver
Legejobber har startet veilednings- og rekrutteringstjenester. Mange av legene vi snakker med synes det er vanskelig å orientere seg i jobbmarkedet, og vanskelig å få oversikt over mulighetene som finnes. Legejobber-teamet består nå bl.a. av medisinske rådgivere som ønsker å veilede deg slik at du finner en jobb du vil trives i, som du får faglig nytte av.
Til gudeøya Tysnes, blir det søkt etter fastlege med interesse for kommunale oppgåver. Stillinga er ei kombinert stilling, der 50% av tida går med til eiga fastlegeliste og 50% av arbeidstida som kommuneoverlege.
Det er god offentleg kommunikasjon med ferjer som knyter øygruppa med nabokommunane. Det tek litt over ein time å ta seg til Tysnes frå Bergen i nord og litt over to om ein reiser frå Haugesund i sør. Øya er landfast med bru mot øst. Tysnes kommune byr på mangfaldige opplevingar ut i havgapet, blant dei ein av Vestlandet sine største festivalar betre kjent som Tysnesfest!
Tysnes ønskjer å knyta til seg ein lege med interesse for samfunnsmedisinske oppgåver. Øygruppa har i uminnelege tider vore sentral i Sunnhordaland. Kommuneoverlegen blir ein sentral del av framtida i kommunen.
Om stillinga:
• Fastlegeoppgåver
• Faglig leiar for eininga for helse
• Saksbehandling og planarbeid
• Sivil beredskap, krise og beredskapsarbeid
• Oppfølging av fastlegeordninga i kommunen
Kommunen ser etter ein lege som søkjer ein spennande og variert arbeidskvardag. Det er ønskjeleg at legen har interesse for og meistrar strukturert arbeid med fokus på forbetring og kvalitet. Kommuneoverlegen må balansera økonomi, tenester og samtidig halda oppe det gode samarbeidet blant fastlegane på Tysnes.
Kommunen tilbyr:
• Løn etter avtale
• Gode pensjonsavtalar gjennom KLP
• Bustad til leige
Har du interesse for samfunnsmedisin? Lokkar havgapet og naturen deg ut på nye eventyr? Finst det ein leiar i deg som ønskjer utvikling?
Ta kontakt for ein uforpliktande prat om stillinga!