Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Kort om stillinga
Vi har ledig fast 100 % stilling som ALIS - lege eller kommunalt tilsett fastlege i Alver kommune.

Om Knarren legesenter
Den ledige stillinga som ALIS - lege/ fastlege er nyoppretta, og tilknytta Knarren legesenter. 

Alver kommune ligg nord for Bergen, med korte ca 30 minuttar kjøretid til Knarvik som er kommunesenteret i Alver. Eit godt tips er også at det går pendlarbåt frå Bergen og til Knarvik. Helsehuset (RNH) i Knarvik vart innflytta våren 2021, og det er mange kommunale- og spesialisthelsetenester samla under eitt tak, blant anna Nordhordland legevakt og ambulansestasjon.

Knarren legesenter er lokalisert i Helsehuset i Knarvik. Vi har store og moderne lokaler som er godt innreia med kommunalt utstyr, og tilgjengeleg parkering i gåavstand frå kontoret. Det er tilsett 2 fastlegar ved Knarren legesenter, som har godt internt samarbeid og arbeidsmiljø. Denne stillinga gjer at det i framtida vil være 3 fastlegar ved Knarren legesenter. Nokre av pasientane den nye legen får på lista si vil være overført frå legar i kommunen som ønskjer listereduksjon. Det er og fagleg dyktig hjelpepersonell i form av sjukepleiar og helsesekretær tilsett ved Knarren legesenter. Helsesekretæren fungerer og som driftskoordinator på kontoret, og bidrar til eit godt organisert kontor med tverrfagleg arbeidsmiljø. Vibrukar for tida Infodoc journalsystem i arbeidet.

Åpningstid og arbeidstid ved Knarren legesenter er kl 08:00 - 15:30. Om du har behov arbeidstid frå 08.30- 16:00 klarer vi å tilpasse dette.
Alver kommune er godkjent utdanningsverksemd med avtale med spesialisthelsetenesta. For ALIS - lege vil det være veiledning under utdanningsforløpet.

Korleis er det å arbeide som kommunalt tilsett fastlege i Alver kommune?

Som kommunalt tilsett fastlege har du 37,5 timars arbeidsveke. Vi ønskjer at legane som er tilsett hos oss skal kunne ha ein balanse mellom arbeid og fritid, og at det skal være greit å gå heim frå jobb når arbeidsdager er slutt. Om du arbeidar ekstra får du opparbeidd fleksitid som du kan ta ut i fri seinare, eller evt. utbetalt overtid. 

Dersom du blir sjukemeldt, eller får born som er sjuke har du rettar på lik linje med alle andre tilsette i kommunen. Det er vårt ansvar å få inn vikar for deg dersom du blir langvarig sjukemeldt. Ved kortere fråvær nyttar vi kollegial fråværsdekning.  
Når det gjeld administrasjon av kontoret med hensyn til hjelpepersonell og utstyr, så ordnar vi det for deg. Vi treng sjølvsagt at du formidlar kva du treng og kva du ønskjer Men du skal sleppe å bruke mykje arbeidstid på dette. 

ALIS - legar får lovpålagte og naudsynte kurs dekka av ALIS - tilskot. Fastlegar som er spesialistar og treng kurs/ vidareutdanning for å kunne jobbe som fastlege får dekka dette frå arbeidsgivar, i kobinasjon med søknad om midler frå fond II frå legeforeningen. Du får fri med lønn til lovpålagte/ naudsynte kurs. Du vil også ha rettar i forhold til permisjonsreglementet, på lik linje med andre tilsette i Alver kommune. 
Du vil delta i interkommunal legevakt ved Nordhordland legevakt på kveld , helg og natt. I gjennomsnitt vil du ha to vakter der i månaden, og då får du betalt timesats for arbeidet du gjer der. Vi er opptatt av at du skal ha kviletid, og dersom du arbeider natt til måndag vil du kunne få fritak frå arbeidet på kontoret på måndagen utan at du mister noko lønn for dette.  

Dersom det blir aktuelt med allmennmedisinsk arbeid ein dag i veka - eksempelvis på sjukeheim eller helsestasjon vil antalle pasienter på lisa kunne reduserast i henhold til mindre arbeidstid som fastlege.

Arbeidsoppgåver
  • ALIS - lege vil ha ei liste som gradvis vert auka opp frå 400 til omlag 900 pasientar
  • Arbeid som fastlege, med pasientliste på omlag 1000 pasientar
  • Den som vert tilsett deltek i interkommunal legevakt (Nordhordland legevakt) på kveld , helg og natt, og offentleg allmennmedisinsk legearbeid kan påreknast 7,5 time for veka.
Kompetanse
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Fullført LIS 1 ved oppstart
  • Gode norsk kunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Vaktkompetent, eller villig til å bil vaktkompeten
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein lege som har gode samarbeidsevner og ein positiv innstilling. Du er løysingsorientert og kan handsame akutte situasjonar på ein god måte. Vi ønskjer at du kan samarbeide godt med pasientar i alle aldersgrupper. Du er motivert for å arbeid innan allmennmedisin, og ser for deg ein framtidig karriere innan dette fagfeltet.

Vi tilbyr
  • Spennande og variert arbeidskvardag
  • Løn etter avtale
  • Arbeidstid: 37,5 timers veke
  • God pensjonsordning som kommunalt tilsett
  • Rettar i forhold til permisjonsreglement, sjuke barn eller eige sjukefråvær på lik linje med andre tilsette i Alver kommune
  • Dekka kurs/ naudsynt vidareutdanning for stilling som fastlege. Fri med lønn. 
  • Veiledning under ALIS forløpet
  • Godt fagmiljø i regi av avdelingsleiar/tenesteleiar for legetenesta.
Ta gjerne kontakt!
Høyres dette freistande ut, men du er framleis litt usikker på om du skal søkje eller ikkje? Då vil vi anbefale deg å ringe til enten avdelingsleiar Bente Bø Taule, eller å ta kontakt med ein av fastlegane ved Knarren (Kjetil Lorentsen: kjetil.lorentsen@alver.kommune.no,  eller Vigdis Bøen Helleland: vigdis.boen.helleland.@alver.kommune.no) og snakke med dei. Dei svarer deg gjerne på spørsmål som du har om korleis det er å arbeide ved Knarren legesenter!

www.alver.kommune.no

Politiattest
I tråd med gjeldande lovverk vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede.

Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Alver kommune
Arbeidssted
Kvassnesvegen 40
5914 ISDALSTØ
Søk på stillingen