Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus avdeling for rusmedisin har ledig 6 månaders vikariat for cand.med, med stor moglegheit for forlenging.

Ønsker du å bli ein del av eit fagfelt i rivande utvikling, der du som lege kan utvikle og bruke din samla kompetanse innan både rus- og avhengigheitsmedisin, psykiatri og somatikk? Ønsker du å jobbe i eit stort og godt arbeidsmiljø for legar, der arbeidstider er familievennleg og lønnsvilkåra er gode? I så fall bør du søke på denne stillinga hos oss. 

Avdeling for rusmedisin har etablert seg som ein stor og framoverlent nasjonal aktør innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). Hos oss vil du som cand.med dermed få erfaring og en kompetanseøkning som vil være svært nyttig i din videre legekarriere. Her hos oss vil du få oppfølging av overlege i lokalisasjonen du skal vere plassert hos. 

Avdelinga tilbyr heile spekteret innan rusbehandling, og er delt inn i fleire seksjonar, Les mer om oss her

Vi tilbyr eit rekrutteringstillegg til Cand.med. Vi vil tilsette fortløpande

Arbeidsoppgåver

  • Du vil delta i postarbeid og arbeid ved poliklinikk med utgreiing og behandling av samtidige ulike rus- og avhengigheitslidingar, psykiatrisk og somatisk sjukdom
  • Du vil delta i ansvarsgrupper med primærhelsetenesta og sosialtenesta
  • Du vil få ansvar for mottak, undersøking og behandling av pasientar som blir lagd inn på tvang
  • Ved stilling i LAR vil du også få ansvar for poliklinisk oppfølging av LAR pasientar 

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett må ha norsk autorisasjon
  • Søkar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg (det er krav at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten)
  • God skriftleg dokumentasjonsevne

Personlege eigenskapar

  • Vi søker legar som ønsker å jobbe med pasientar med krevande og komplekse sjukdomstilstandar over tid
  • Vi ønsker legar som kan arbeide sjølvstendig, men som søker råd ved behov, og som kan fungere godt i ei tverrfagleg arbeidsform
  • Legar i rus- og avhengigheitsmedisin bør ha interesse for få økt kompetanse innenfor eit breitt spekter av somatiske, rusmedisinske og psykiatriske sjukdomstilstandar og korleis desse verkar inn på kvarandre
  • Vi ønsker medarbeidere som har gode  kommunikasjons -og samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Rettleiing av erfarne overlegar
  • Variert, utfordrande og lærerik teneste
  • Lønn etter gjeldande overeinskomst
  • Rekrutteringstillegg
  • Ei god pensjonsordning
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod
  • Arbeidstid hovudsakleg på kvardagar 08.00 -16.00

 


Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.  

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Pia Kloster
Tittel: Utdanningsansvarleg overlege
Telefon: 41015858
E-post: pia.kloster@helse-bergen.no
Navn: Therese Marlen Svendsen
Tittel: Seksjonsleiar LIS
Telefon: 97873779
E-post: therese.marlen.svendsen@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Avdeling for rusmedisin (AFR), Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Søk på stillingen