Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Ønsker du å bli ein del av eit fagfelt i rivande utvikling, der du som lege kan utvikle og må bruke din samla kompetanse innan både rus- og avhengigheitsmedisin, psykiatri, og somatikk? Ønsker du å jobbe i eit stort og godt arbeidsmiljø for legar, der arbeidstider er familievennleg og lønnsvilkåra er gode? Har du samtidig eit ønske om å forske på internasjonalt høgt nivå? I så fall må du søke på denne stillinga.

Avdeling for rusmedisin har etablert seg som ein stor og framoverlent nasjonal aktør innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). Avdelinga tilbyr heile spekteret innan rusbehandling. Les mer om oss her. Vi har eit sterkt og klinikknært forskingsmiljø kor vi bidrar med kunnskapsproduksjon på den internasjonale arena.  

Minst 50% av stillinga er tildelt klinisk arbeid ved seksjon for legemiddelassistert rehabilitering (LAR) og resten er knytta til eit spesifikt forskingsprosjekt (BMX). Det er moglegheit for å søke om eksterne PhD-midlar for å gå over til ein gradert eller full stipendiatstilling for å gjennomføre eller fullføre ein doktorgrad, før eller etter avslutta spesialitet.

Avdelinga er godkjend for heile utdanningsløpet i rusmedisin. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.

 

Er du i tvil? Søk likevel. Vi vil gjerne komme i dialog med deg!

Arbeidsoppgåver

I tillegg til arbeid med det aktuelle forskingsprosjektet samt rettleiing og doktorgradsopplæring, vil arbeidsoppgåver knytta til den kliniske delen av stillinga ved seksjon LAR vere:

  • Poliklinisk utgreiing og behandling av samtidige rus- og avhengigheitslidingar, og psykiatrisk og somatisk sjukdom
  • Deltaking i tverrfagleg samarbeidande team og samarbeid med somatiske og psykiatriske avdelingar
  • Deltaking i inntaksarbeid og seksjonens legemøte

Kvalifikasjonar

  • Du må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i rus- og avhengigheitsmedisin
  • Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring inkludert klinisk og forskingsrelatert erfaring
  • Du må meistre norsk, både munnleg og skriftleg (det er krav at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten)
  • God skriftleg dokumentasjonsevne

Personlege eigenskapar

  • Vi søker deg som ønsker å jobbe med pasientar med samansette sjukdomstilstandar over tid
  • Vi ønsker deg som kan arbeide sjølvstendig, men som søker råd ved behov, og som kan fungere godt i ei tverrfagleg arbeidsform
  • Som lege i rus- og avhengigheitsmedisin bør du ha interesse for eit breitt spekter av somatiske, rusmedisinske og psykiatriske sjukdomstilstandar og korleis desse verkar inn på kvarandre
  • Du må ha interesse for forsking,  ha god sjølvdisiplin og vere strukturert i arbeidet
  • Du må også ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Arbeidstid hovudsakleg på kvardagar 08.00 -16.00
  • Rettleiing av erfarne overlegar
  • Variert, utfordrande og lærerik teneste
  • Lønn etter gjeldande overeinskomst
  • Rekrutteringstillegg
  • Ei god pensjonsordning
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod med løpegruppe
  • Eit hyggeleg og stimulerende klinisk- og forskingsmiljø

 


Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.  

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Pia Kloster
Tittel: Utdanningsansvarleg overlege
Telefon: 41015858
E-post: pia.kloster@helse-bergen.no
Navn: Therese Marlen Svendsen
Tittel: Seksjonsleiar LIS
Telefon: 97873779
E-post: therese.marlen.svendsen@helse-bergen.no
Navn: Fatemeh Chalabianloo
Tittel: Seksjonsoverlege LAR/forskingsleiar
Telefon: 91 37 45 81
E-post: fatemeh.chalabianloo@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Avdeling for rusmedisin (AFR), Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Søk på stillingen