Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Vi vil gjerne ha kontakt med deg som vil vere eller kan tenke deg å prøve å være fastlege i Fjaler kommune over ein periode. Du som er ute etter stilling der du også kan ha rom for eit aktivt liv utanom legekontoret. Kanskje har du interesser knytt til natur med hjortejakt, laksefiske, fjell eller sjøliv, eller du har interesser meir i kulturell retning.

Fjaler er ein mindre kommune med tettstaden Dale som ligg fint til ved Dalsfjorden. Staden har på tross av størrelsen eit aktivt og variert næringsliv, større internasjonal skule og kultur/kunstnarmiljø. Kommunen har felles bu- og arbeidsregion med Førde som ligg rundt 40 km borte, og til næraste flyplass er det 28 km. I Førde ligg Sentralsjukehus, også med ei stor interkommunal legevakt gjer at vaktbelastninga blir på eit nivå som ein sjølv kan vere med å regulere. Arbeidsmogelegheiter for evt. partnar er difor også gode.

Kommunen har tre fastlegeheimlar, fast LIS1 lege, tidvis medisinsk student i praksis  i tillegg til kommuneoverlege/smittevernlege i 40%. Legekontoret held i dag til ved sjukeheimen, men nye lokalitetar er i prosess i eige bygg.

Vi ønskjer kontakt med potensielle søkarar for å kartlegge kva ønskjer og forventningar desse måtte ha knytt til tilsettingsforhold, listestørrelse, offentlege legeoppgåver og andre vilkår for stillinga slik at ein i størst mogeleg grad kan skreddarsy denne til det søkaren ser for seg.

Det er eigen ambulansestasjon i Dale, og Luftambulanseteneste både frå Førde og Florø.

Så skulle du ville høyre nærare omkring dette tek vi gjerne eit møte (evt. via Teams) med meir utfyllande opplysningar og drøfting før du evt. sender ein søknad?
 
Kven ser vi etter og ønskjer kontakt med?
  • Lege som er spesialist i allmennmedisin eller på veg til dette
  • Lege som kan tenke seg å starte spesialiseringsløpet mot allmennmedisin (LIS3) (ALIS-stilling). Kommunen er registrert som utdanningsstad for dette. Det er avtale med Sentralsjukehuset (Helse Førde) om praksis der som del av dette.
  • Lege som er under LIS1-løp eller ferdig med dette, og som kan tenke seg ein prøveperiode for å finne ut om allmennpraksis kan vere noko å satse på framover.
  • Gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg 
  • Ein vil legge vekt på at personen er egna til stillinga
  • Førarkort kl. B
 Vi ønskjer at legar som ikkje er spesialist i allmennmedisin, fullfører spesialisering etter tilsetjing. Arbeidsgjevar stillar med rettleiar og dekker kurs og andre utgifter til spesialisering i allmennmedisin.
 
Arbeidsoppgåver
  • Fastlegen skal gi allmennlegetenester til innbyggjarar på si fastlegeliste i kontoret si opningstid, og vil også delta i kommunen si interkommunale legevaktsordning 
  • Fastlegen kan få kommunale tenester innanfor rammene som er lagt i ASA 4310.
  • Bidra til god samhandling mellom den kommunale helse- og omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta
  • Kvalitetssikring og tilsyn, rådgjeving i forbindelse med klagehandtering
  • Oppgåver innan kartlegging, forsking, fagutvikling og undervisning
 
Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeidsevner
  • God på kommunikasjon og rettleiing
  • Fleksibel
  • Strukturert, ansvarsbevisst og sjølvstendig
Det blir lagt vekt på at personen er eigna til stillinga
 
Vi tilbyr
  • Ansettelsesforhold og løn etter individuell avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår
 
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for unntak av offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg. Godkjent politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggast fram før ein startar i stillinga.

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål til stillinga, arbeidsoppgåvene eller vil vite meir om kva vi jobbar med?  Vi ser fram til å høyre frå deg. 
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Fjaler kommune
Kontaktpersoner
Navn: Hans Johan Breidablik
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: +47 90182853
E-post: hans.johan.breidablik@fjaler.kommune.no
Navn: Heidi Roos
Tittel: Leiar helsetenestene
Telefon: +47 57738120 / +47 97710862
Arbeidssted
Dalsvegen 81
6963 DALE I SUNNFJORD
Søk på stillingen