Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Har du eit brennande engasjement for palliasjon eller ynskjer å byggje kompetanse i palliasjon?
Vil du vere med å bygge den beste klinikken?

Vi har ledig vikariat som overlege i Palliativt Team i Molde frå.02.01.2023. Stillinga er 50% og kan tilretteleggast mot arbeid ved annan arbeidsstad. Stillinga kan nyttast som vidare- og etterutdanning for andre spesialitetar. Det er gode høve til forlenging av vikariatet.

Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal består av:  

  • Kreftpoliklinikk og Palliative Team ved Molde, Volda og Kristiansund sjukehus  
  • Sengepost, Kreftpoliklinikk og Palliativt Team i Ålesund
  • Stråleterapieining ved Ålesund sjukehus
  • I tillegg har vi spesialisert rehabilitering som ein del av vår klinikk

Palliativ medisin er eit fag i utvikling som rettar seg mot pasientar med svært ulike grunnsjukdomar, men som har det til felles at dei treng spesialiserte tiltak for optimal lindring. I Palliativt Team arbeider ein tett med andre profesjonar som sjukepleiar, fysioterapeut, anestesilege, prest, sosionom og ernæringsfysiolog. I det daglege er det sjukepleiar og lege som driftar eininga. Palliativt Team i vår klinikk har i hovudsak pasientar med langtkomen kreftsjukdom og samarbeider difor tett med onkologane i Kreftavdelinga.

Arbeidsstad er ved Palliativt Team i Molde. Arbeidstid er mandag-fredag og det er ikkje vaktbelastning. I samband med førebuing til det nye SNR er det samarbeid med Palliativt Team i Kristiansund. Vil du lese meir om regionen vår: Visit Molde

Arbeidsoppgåver

  • Kliniske arbeidsoppgåver vil mellom anna omfatte polikliniske konsultasjonar, vurdering av henvisningar, tilsyn av pasientar ved ulike sjukehusavdelingar samt heimebesøk
  • Delta i kliniske studier
  • Noko administrativt arbeid

Kvalifikasjonar

  • Det kan vere ein fordel om du har god erfaring som lege, gjerne frå allmennmedisin eller anestesiologi
  • Du har gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
  • Du deler kunnskap med andre
  • Vi legg vekt på at du er god i det kliniske arbeidet med kreftpasientar
  • Lege i spesialisering kan også søke, då må du ha godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning

Personlege eigenskapar

  •  Du har gode samarbeidsevner
  •  Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
  •  Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  •  Du arbeider sjølvstendig
  •  Du er ansvarsbevisst
  •  Du har gode kommunikasjonsevner

Vi tilbyr

  • Felles fagmiljø innad i klinikken og mellom lokasjoner
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Ragnhild Bjerkås
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 71122374
E-post: Ragnhild.Bjerkas@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Kreftbehandling og palliasjon Nordmøre og Romsdal, Helse Møre og Romsdal HF
Parkvegen 84
6412 Molde
Søk på stillingen