Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vi søkjer overlege til vår føde/gyn-seksjon på Stord sjukehus

Stord sjukehus er ein del av Helse Fonna HF. Sjukehuset har gode støttetenester innanfor anestesi, intensiv, radiologi med CT- og MR lab., fysioterapi avdeling og laboratorium med blodbank. Stord sjukehus har full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi og anestesi. Opptaksområdet er på om lag 50.000
innbyggjarar, fordelt på fem kommunar.

Stord har flott natur som gjæv særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med vidaregåande og Høgskule. Det er god kommunikasjon nordover til Bergen/ Flesland og sørover til Stavanger. Det er òg flyplass på Stord med god kommunikasjon til Oslo.

Seksjonen held til i moderne lokalitetar. Operasjonseininga er nybygd og er døgnbemanna.
Eininga på Stord har fire overlegestillingar med erfarne gynekologar, og samla har føde/gynekologisk seksjon på Stord og i Haugesund 17 legestillingar (overlegar og ass.legar). Oppgåvene er varierte og vi utfører dei fleste operative inngrep. Eininga på Stord har omlag 450 fødslar og 550 gynekologiske operasjonar årleg. Vi har godt samarbeid med Haugesund sjukehus, både fødeavdelinga og nyfødt-intensiv. Det er utarbeidd prosedyrar og seleksjonskriterier mellom sjukehusa. Det er planar om meir integrert samarbeid med Haugesund sjukehus (1500 fødslar årleg), med fokus på fagleg utveksling og vekst.

 

Startdato: Snarast

Arbeidsoppgåver

  • Pasientoppfølging.
  • Poliklinikk.
  • Operasjonar (gynekologi/obstetrikk).
  • Vaktarbeid.

Kvalifikasjonar

  • Relevant sjukehuserfaring.
  • Erfaring frå arbeid i tverrfagleg team.
  • For stillinga krevst det norsk autorisasjon som lege, og spesialistgodkjenning innan gynekologi.
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg tilsvarande Bergenstesten.

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert.
  • Tilpasningsdyktig.
  • Sjølvstendig, samtidig må kunne fungere godt i team ..
  • Ansvarsbevisst.

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande avtale.
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, gruppe- og ulykkesforsikring og Fritidsulykkeforsikring.
  • Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskjeleg.
  • Triveleg arbeidsmiljø.
  • Høgt fagleg nivå.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).
  • Fagleg og personleg utvikling.

 

Mangfaldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, Cand.mag / SIV

Språk

  • Norsk
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktpersoner
Navn: Bassam Odicho
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 53491000
Navn: Isabel Solvang Tofte
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 47826086
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Stord sjukehus - føde/gynekologisk seksjon
Tysevegen 62
5416 Stord
Søk på stillingen