Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Helse Bergen, Haukeland Universitetssjukehus, har ledig 1 fast stilling for overlege ved Nevrologisk avdeling frå 01.02.2023. Stillinga vil inngå i bakvaktsordning, for tida 17-delt bakvakt.

Nevrologisk avdeling driv akuttbehandling, kompleks utgreiing og rehabilitering av nevrologiske lidingar. Avdelinga har ein akuttpost med 30 senger som inneheld slageining, dagpost, rehabiliteringspost for ryggmargsskader og poliklinikk. Nevrologisk avdeling samarbeider med dei andre akuttavdelingane om mottak av akuttpasienter i felles akuttmottak. Nevrologisk avdeling er del av Nevroklinikken som òg famnar om Nevrokirurgi og Klinisk nevrofysiologi. Avdelinga har om lag 30 legeårsverk.

Avdelinga legg vekt på arbeid i team, der overlegar, LIS, sjukepleiarar og personell frå fleire tverrfaglege grupper kvar dag gjer sitt beste for å gje pasientane god utgreiing og behandling. Det gode samarbeidet mellom dei ulike yrkesgruppene er avgjerande for resultatet og vi jobbar kontinuerleg med å forbetre arbeidsprosessane. Som overlege i avdelinga er det forventa at ein tar medansvar for å utvikle fagleg praksis og gode rutinar både i avdelinga og i føretaket, når det er aktuelt. Ein blir òg ansvarleg for rettleiing og undervising av LIS. 

I Nevrologisk avdeling har vi eit av landets fremste forskingsmiljø innanfor nevrologi. Avdelinga legg til rette for kombinasjon av forsking og klinisk arbeid. Avdelingssjefen er leiar for legegruppa og arbeider saman med legekollegiet for å skape eit trygt og sterkt fag- og arbeidsmiljø. Helse Bergen legg vekt på å skape sunne og trygge arbeidsplassar i sjukehuset og ved Nevrologisk avdeling legg vi til rette for dette.
Arbeidsoppgåver
  • Utgreiing og behandling av nevrologiske lidingar. Arbeidsoppgåver blir tildelt i følge avdelingas behov og i samråd med den enkelte
  • Overlegar deltar for tida i 17-delt bakvaktsordning
Kvalifikasjonar
  • Godkjend norsk autorisasjon som lege
  • Spesialist i nevrologi
  • Vi legg på både klinisk og vitskapeleg erfaring
Personlege eigenskapar
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Bidra til godt samarbeid, fagutvikling og arbeidsmiljø
  • Meistre norsk både skriftleg og munnleg
  • Vere villig til å utføre oppgåver der avdelinga til ein kvar tid har behov
Vi tilbyr
  • Fagleg og personleg utvikling i eit sterkt fagleg og triveleg miljø
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Petter Schandl Sanaker
Tittel: Avdelingsjef
Telefon: 55976059
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Nevroklinikken/ Nevrologisk avdeling, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen