Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Avdeling for Kreftbehandling og medisinsk fysikk (Kreftavdelinga) er Vestlandet si regionale kreftavdeling. Vi har ansvaret for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Helse Vest RHF, herunder stråleterapi og medikamentell kreftbehandling. Ved sida av utgreiing og behandling av pasientar i samsvar med internasjonalt anerkjende opplegg, vert det arbeidd med forbetring av eksisterande behandlingsmetodar og utvikling av nye tilbod. Avdelinga har fleire aktive forskingsmiljø som driv på høgt internasjonalt nivå, innan medikamentell kreftbehandling, kreftgenomikk, kreft immunologi m.v. 

Ved stråleterapi blir det lagt stor vekt på å bruke behandlingsopplegg som er utarbeidd spesielt for den enkelte pasient, for å oppnå best mogleg effekt på kreftsjukdomen, og redusere biverknadane. Vi har 6 strålemaskinar for foton- og elektronstråling, inkludert ei maskin dedikert til online adaptiv behandling (Varian Ethos), som blei starta opp i 2021 og er den første av denne typen maskin i Noreg. Avdelinga tilbyr også brackyterapi for stråleterapi, med ei radioaktiv kjelde som blir
plassert i svulsten. Vidare driv vi med strålekniv-behandling i nært
samvirke med Nevrokirurgisk avdeling.  I 2024 vil avdelinga opne eige Protonsenter og starte fleir-regional protonterapi saman med Oslo Universitetssjukehus, og vi trappar derfor opp med fleire ansatte og  byggjer kompetanse for slik behandling i åra framover. Vi har fleire aktive grupper i avdelinga som jobbar med kvalitetsforbetring og forsking innan stråleterapi.

Vi arbeider tverrfagleg og multidisiplinært med mange faggrupper til det beste for pasienten. Det er eit integrert samarbeid med opererande avdelingar i sjukehuset om multimodal kreftbehandling. Vi er 28 LIS-legar og 37 overlegar.

Vi har no ledig 3 faste 100% overlegestillingar. Tiltreding så snart du er ledig, eller etter nærare avtale. Det blir lagt vekt på relevant erfaring innan forsking.

I den eine stillinga ønsker vi primært å tilsette ein onkolog med kompentanse i strålebehandling og om mogeleg protonterapi, som vil få spesialansvar for utvikling, undervising og bruk av foton/protonterapi i avdelinga.

I den andre stillinga søker vi etter ein onkolog med kompetanse i tumorbiologi, og særleg erfaring i bruk av molekylærdiagnostikk for å styre kreftbehandling. Her vil stillinga bli delt slik at 50% av tida går til arbeid i nyoppretta molekylært tumor board (mol-MDT) for Helse Vest, med arbeidsstad på Kreftavdelinga, Haukeland universitetssjukehus. Stillinga blir delt med ein annan onkolog som har tilsvarande 50% stilling i mol-MDT.

Den tredje stillinga er ei onkologstilling utan binding mot bestemt aktivitet/fagområde.

Arbeidsoppgåver

  • I overlegestilling inngår pt 20-delt kombinert tilstadesvakt- og bakvakt frå heimen. Overlege vil få tildelt ansvarsområde etter kompetanse, interesse og avdelinga sitt behov

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Godkjend spesialitet i onkologi eller mindre enn 6 månader til spesialitet
  • Det blir lagt vekt på vitskapeleg kompetanse
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Avdelinga byr på store faglege utfordringar og spennande forskingsprosjekt


Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Ása Karlsdóttir
Tittel: Ass. avdelingsoverlege
Telefon: +47 99037860
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Søk på stillingen