Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Seksjon nevrologi og klinisk nevrofysiologi ved Molde sjukehus har behov for å styrke LIS-bemanninga med to vaktkompetente legar i spesialisering.

Seksjonen omfattar sengepost, dagbehandling og poliklinikk. Sengeposten har 16 sengar fordelt på 10 nevrologiske og 6 slagpasientar, vi nyttar sengar i felles intensiveining. I vaktordninga inngår 10 LIS, det er 9-delt vakt for overlegar. Vi har klinisk nevrofysiologisk laboratorium med førebels ein klinisk nevrofysiolog, og spesialsjukepleiarar innan fleire fagfelt som MS og epilepsi, samt tverrfagleg ryggpoliklinikk. Seksjonen har to nevropsykologar. Det føregår klinisk forsking innan fleire fagområde.

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader.

Er dette noko for deg er du velkomen til å søkje på stillinga!

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.

Arbeidsoppgåver

  • Etter ein introduksjonsperiode utan vakt, inngår du i 10-delt døgnkontinuerleg tilstade-vaktordning, etter kvart 11-delt.
  • Øvrige arbeidsoppgåver er postarbeid, arbeidsoppgåver knytt til dagposten med elektive spinalpunksjonar, mottak av elektive pasientar, poliklinisk arbeid basert på eit opplegg med "emnepoliklinikk", dagar ved tverrfagleg ryggpoliklinikk, mm

Kvalifikasjonar

  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning.
  • Det er ønskeleg med erfaring og interesse for faget nevrologi.
  • Søkjar med behov for sideutdanning kan også søkje.
  • Søkjar må kunne meistre eit nordisk språk

Andre opplysninger

  • Dersom der ikkje er aktuelle søkjarar, vil vi vurdere å tilsette cand.med som venter på LIS1-stilling
  • Tidspunkt for oppstart etter nærmare avtale, om mogeleg før 01.03.22.

Personlege eigenskapar

  • Det vert ved tilsetting lagd vekt på gode evner til samarbeid

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Rikke Bendixen
Tittel: LIS2/3-koordinator
Telefon: 45851037
Navn: Bernd Muller
Tittel: Overlege nevrologi
Telefon: 91328053
Hjemmeside
Arbeidssted
Nevrologi og klinisk nevrofysiologi Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Molde sjukehus
6412 Molde
Søk på stillingen