Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Vi på medisinske legar søker Lege i spesialisering innan geriatri for vikariat i 6 månader med høve til forlenging. Startdato 02.01.23 eller etter avtale.

Medisinsk avdeling er den største avdelinga ved Ålesund sjukehus. Den inneheld 3 sengepostar, poliklinikkar, dialyseining og intensivsenger. Avdelinga har fagseksjonar innanfor nyresjukdomar, lungesjukdomar, blodsjukdomar, hjartesjukdomar, diabetes- og stoffskiftesjukdomar, mage og tarmsjukdomar, intensivbehandling og infeksjonssjukdomar samt alderssjukdommar og hjerneslag. I tillegg er det tett samarbeid med nevrologiske leger.

Seksjon for alderssjukdommer og hjerneslag har 22 sengeplasser fordelt på geriatri, ortogeriatri og slagenhet. Avdelingen har 5 spesialister i geriatri som også har større, tverrfaglig poliklinisk aktivitet inkludert onkogeriatri. Der finnes bred kompetanse på hjerneslagbehandling inkludert ultralyd halskar og transkraniell doppler. 

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Arbeidsoppgåver

  • Du vil få bred opplæring og utdanning innen indremedisin med hovedvekt på geriatri og hjerneslag
  • Klinisk arbeid på poliklinikk og sengepost, samt akuttmottak
  • Supervisjon/veiledning av LIS1
  • Internundervisning
  • Deltaking i avdelinga si vaktordning Utviklings- og forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Kommunikasjon- og samarbeidsevner internt og eksternt
  • Evne til fleksibilitet
  • Gode språkkunnskaper i norsk/skandinavisk, både muntleg og skriftleg
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning

Personlege eigenskapar

  • Interesse og engasjement for fagfeltet geriatri
  • Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Det vil sannsynlig bli aktuelt med rotasjon for 6 uker til St.Olav eller annet universitssykehus til for å oppnå læringsmål knytt til
spesialistutdanninga slik det framgår av offentleg utdanningsplan. Alle andre læringsmål vil kunne bli godkjent her. Dette vil også framgå av din individuelle utdanningsplan.

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering. 

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Jørn-Åge Longva
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70105651
E-post: Jorn-Age.Longva@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinske legar Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund