Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Vil du bli med på laget vårt i det vakreste fylket i verda? 

Vi ved Seksjon for medisinske legar ved Klinikk Ålesund sjukehus har ledig vikariat for Lege i spesialisering innan fagfeltet indremedisin.

Medisinsk avdeling er den største avdelinga ved Ålesund sjukehus. Den inneheld 3 sengepostar, poliklinikkar, dialyseining og intensivsenger. Avdelinga har fagseksjonar innanfor nyresjukdomar, lungesjukdomar, blodsjudomar, hjartesjukdomar, diabetes- og stoffskiftesjukdomar, mage/tarmsjukdomar, intensivbehandling og infeksjonssjukdomar samt alderssjukdommar og hjerneslag.

Frå januar-23 går vi over til 16-delt vakt med kortare nattevakter. Vi har ledig vikariat for Lege i spesialisering med tilsetting snarast for LIS indremedisin med gode høve til forlenging. Intern omrokkering kan også gje andre ledige stillingar. Ikkje nøl med å ta kontakt. Vi ser fram til å få deg med på laget!  

Ålesund sjukehus ligg omkransa av flott natur, fjord og fjell. Ålesund kan tilby urbant og riktkulturlivmed konsertar og festivalar. Vi har nærleik til ekstreme naturopplevingar både sommar og vinter,som toppturar i Sunnmørsalpane og padling i havgapet. Vil du lese meir om regionen vår, sjå her!

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk arbeid på poliklinikk og sengepost, samt akuttmottak
  • Supervisjon/rettleiing av LIS1
  • Internundervisning
  • Deltaking i avdelinga si vaktordning
  • Utviklings- og forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Kommunikasjon- og samarbeidsevner internt og eksternt
  • Evne til fleksibilitet
  • Gode språkkunnskaper i norsk/skandinavisk, både muntleg og skriftleg
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning

Personlege eigenskapar

  • Du har godt humør
  • Du har evne til å samarbeide Du bidreg til innovasjon

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Det kan bli aktuelt med rotasjon til andre sjukehus i foretaket for å oppnå læringsmål knytt til spesialistutdanninga slik det framgår av offentleg utdanningsplan. Dette vil også framgå av din individuelle utdanningsplan. 

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering. 

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Jørn-Åge Longva
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70105651
E-post: Jorn-Age.Longva@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinske legar Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund