Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
 

Ønsker du å jobbe på ein anestesilege-seksjon med Norges beste utsikt, supre kollegaer og fantastiske fritidsmoglegheiter, i Norges vakraste fylke?

Anestesi - og intensivseksjonen ved Molde sjukehus nyttar eit variert utvalg av moderne anestesimetodar og har ein godt oppdatert utstyrspark.
Det vert utført ca 4500 anestesiar i året fordelt på blautdelskirurgi, ortopedi, gynekologi/obstetrikk, ØNH, tann/kjeve og auge. I tillegg ytast også anestesitjenester til radiologisk avdeling, medisinsk avd. og psykiatrisk avdeling.
Vi har ei kombinert postoperativ og generell intensivavdeling med totalt 19 senger fordelt på recovery, tung overvåking og intensiv. Vi yt eit fullverdig intensivmedisinsk tilbod for eit sjukehus på vår storleik og med vårt omfang i behandlingstilbod, inkludert invasiv ventilasjon, avansert hemodynamisk overvåking og kontinuerleg nyreerstattande behandling.

Som LIS i anestesi er du involvert i alle akutt kritisk sjuke pasientar på sykehuset: Frå gjennoppliving av nyfødte, kor anestesilege er teamledeiar, til traumatologi, dårlege medisinske pasientar, hjertestans mm. Vi har også ei viktig rolle i sykehuset sin beredskap ved storulykker/katastofer, og rykker ut saman med ambulansepersonell ved alvorlege prehospitale hendingar..

Eininga har eit todelt vaktsystem der legar i spesialisering for tida går 6-delt tilstadevakt med overlegar i bakvaktsordning. Totalt arbeider det 18 legar i seksjonen. 
Det kan bli aktuelt med rotasjon til andre sjukehus i foretaket for å oppnå læringsmål knytt til spesialistutdanninga slik det framgår av offentleg utdanningsplan. Dette vil også framgå av din individuelle utdanningsplan.

Seksjonen har hyggelege og inkluderande tilsette og sjukehuset  er av perfekt størrelse. Lite nok til at alle kjenner alle og kvardagslogistikken er god, men stort nok til at ein ikkje får meir ansvar enn ein kan bere. Seksjonen satsar på fagleg kvalitet, utvikling og godt arbeidsmiljø. Et nytt sykehus for Hele Nordmøre og Romsdal(SNR) reiser seg og vi vil flytte inn i heilt nye arbeidslokaler frå 2025.

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturar, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Romsdalen og Molde her

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.

Arbeidsoppgåver

  • Forberede, ordinere og administrere anestesi i samband med kirurgi og andre intervensjonar
  • Delta i behandlinga av postoperative og intensivmedisinske pasientar
  • Delta i behandlinga av mistenkt alvorlig sjuke pasientar i akuttmottak
  • Behandle pasientar med smertetilstandar, inklusive obstetrisk analgesi
  • Delta i prehospitalt arbeid i samband med alvorlige hendingar
  •  Med bakgrunn i eigne interessefelt tilrettelegg vi så godt som mogeleg for personleg fagleg utvikling
  • Her får du mykje ansvar, men i trygge rammer

Kvalifikasjonar

  • Søkjer må beherske norsk skriftleg og muntleg
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning

Personlege eigenskapar

  • Fagleg interessert og kunnskapstørst
  • Ansvarsbevisst
  • Positiv og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til å halde seg roleg i kaotiske situasjonar
  • Tåle høgt arbeidstempo

Vi tilbyr

 

  • Ei fantastisk moglegheit for ein knallstart på karriera som anestesilege.
  • Estimert fire månadar opplæring uten vakt, kor ein får opplæring i basal anestesiologi. Opplæringstida vurderast individuelt.
  • Eit godt arbeidsmiljø.
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Ein inkluderande arbeidsplass.
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar.
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår.
    Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
    Stillingskategori
    Lege i spesialisering
    Arbeidsgiver
    Helse Møre og Romsdal HF
    Kontaktperson
    Navn: Per Johan Lans
    Tittel: seksjonsleiar lege
    E-post: Per.Johan.Lans@helse-mr.no
    Hjemmeside
    Arbeidssted
    Anestesileger Molde, Helse Møre og Romsdal HF
    Parkvegen 84
    6412 Molde