Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Nyoppretta, spennande kardiologistilling i Helse Bergen


Haukeland universitetssjukehus og Voss sjukehus, Helse Bergen har ledig fast stilling frå 01.12.2022, eller etter avtale med avdelingsoverlege. Stillinga er knytt til Hjarteavdelinga, Haukeland universitetssjukehus og minst 50% til Medisinsk avdeling, Voss sjukehus. 

Litt om avdelingane:

Hjarteavdelinga, Haukeland universitetssjukehus er ein av landets største med hjarteintervensjon, poliklinikk, sengepostar, thoraxkirurgi, medisinsk intensiv avdeling med spesialfunksjonar for hjartepasientar og hjarterehabilitering. All medisinsk og kirurgisk behandling og undersøking av hjartesjukdommar er samla ved Hjarteavdelinga, og vi har regionalt ansvar for hjartesjukdommar i Helse Vest. Avdelinga har også lokalsjukehusansvar for brorparten av Bergen og kommunane rundt. Vi tar hand om alle aspekta innan hjartesjukdommar med unntak av transplantasjonar.

Medisinsk avdeling på Voss sjukehus har i dag sju overlegestillingar og dekker spesialitetane lungemedisin, nefrologi,
fordøyelsessjukdommar og kardiologi. Avdelinga har ein sengepost med 26 senger,
1 dagpost for medisinske kurar, dialyseavdeling og intensiv/overvakingsavdeling
med 6 sengeplassar. Det arbeider 20 legar ved avdelinga: 7 overlegar, 8 LIS 2/3 og 5 LIS1. Voss sjukehus har akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, indremedisin, føde, gynekologi og anestesi. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggarar, fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem pasientar vi avlastar Haukeland universitetssjukehus med, frå Bergen og kommunar frå Sogn og Hardanger. 

Voss sjukehus utvidar kardiologitilbodet og har mål om eit hjarteteam av minst to kardiologar og ein kardiologisk sjukepleiar. Nye tverrfaglege satsingsområde er idrettskardiologi med CPET, hjartesvikt- og flimmerpoliklinikk. Du kan òg delta i 6-delt vaktordning som indremedisinsk bakvakt for LIS 2 på Voss sjukehus. Vaktordninga er basert på heimevakt og vil kunne gå over til 7-delt ved nytilsetting. 

Litt om Voss:
Voss herad aukar folketalet og har for tida 15.800 innbyggarar. Staden har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar samt ein flott golfbane. Me har gode rabattordningar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Kulturlivet er rikt og variert, med Vossa Jazz. Bluesfestival og Osafestival. Det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.

Synast du dette er freistande? – ta kontakt via epost eller telefon. Vi kan tilby deg reise og opphald om du ynskjer å kome på synfaring på sjukehuset vårt for å kjenne på den gode stemninga.

Å bu på Voss 

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver Hjarteavdelinga 

  • Kliniske oppgåver på sengepost
  • Poliklinikk og prosedyrar innanfor aktuelt spesialområde om du allereie er "kvistspesialist"
  • Tilrettelegging av eit aktivt fag-, undervisnings og pasientsamarbeid mellom Hjarteavdelinga og Voss sjukehus

Arbeidsoppgåver Voss sjukehus

  • Generell kardiologisk poliklinikk med vurdering av tilvisingar
  • Tilsyn av hjartepasientar på sengepostar
  • Samarbeide med kardiologisk sjukepleiar som har eigen poliklinikk
  • Samarbeide med aktuelle faggrupper på Voss og Hjarteavdelinga på HUS om å opprette testlab for idrettskardiologi
  • Eventuelt: rettleiing og undervising av LIS2/3

Kvalifikasjonar

  • Du har norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning i kardiologi
  • Du må meistre norsk språk både skriftleg og munnleg
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø 
  • Du har engasjement for fagfeltet og ønsker å vidareutvikle kompetansen din 
  • Det blir lagt vekt på relevant yrkes- og klinisk erfaring 

Personlege eigenskapar

  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg med pasientar og andre samarbeidspartnarar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeidar strukturert og målretta på jobb
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende. Kan delegere og følge opp delegerte oppgåver 

Vi tilbyr

  • Vi har eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø. Hos oss helser vi på kvarandre i gangane og har ein kantinekultur vi er stolte av 
  • Vi har ein sterk identitet som ei av Noregs mest kjende kulturbygder, og tar vel i mot nye innbyggarar 
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Voss sjukehus vil kunne hjelpe med å finne passande bustad 
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Birger N. Lærum
Tittel: Ass.direktør Voss sjukehus
Telefon: 90065938
E-post: birger.norderud.lerum@helse-bergen.no
Navn: Turid Fjose
Tittel: Avdelingsoverlege Med. avd., Voss sjukehus
Telefon: 56 53 35 00
E-post: turid.fjose@helse-bergen.no
Navn: Eivind Solheim
Tittel: Ass. avd.direktør Hjarteavdelinga, Haukeland universitetssjukehus
Telefon: 55976736
E-post: eivind.solheim@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Haukeland universitetssjukehus og Voss sjukehus, Helse Bergen
Sjukehusvegen 16
5704 Voss
Søk på stillingen