Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Avdeling for radiologi Molde og Kristiansund er plassert i Klinikk for Diagnostikk. Nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal, SNR, er under bygging og er planlagt opna planlagt opna i 2025

Radiologisk avdeling har eit utstrekt samarbeid med kliniske avdelingar. Til saman utfører avdelinga rundt 100 000 undersøkingar kvart år, fordelt på alle modalitetar.
Avdelinga har samarbeid med St. Olavs hospital om gjennomføring av deler av spesialistutdanninga. Molde sjukehus har eit inkluderande og aktivt LiS-miljø, både i avdelinga og elles i sjukehuset.

Avdeling for radiologi Molde og Kristiansund har ledig fast stilling som lege i spesialisering  frå 1. desember 2022.
Ved evt. intern tilsetting kan vikariat bli ledig

 

Vi ber om at tenestebevis/attestar frå tidlegare arbeidsforhold blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad.

Arbeidsoppgåver

  • Som LIS i radiologi i Molde vil du få arbeide med eit breitt utvalg av radiologiske undersøkingar
  • Som fersk LIS er arbeidsoppgåvene først og fremst innan CT, ultralyd og konvensjonell røntgen, etter kvart intervensjon av ulik art, og også MR
  • Avdelinga dekkjer Molde og Kristiansund, med tilstadesvakt i Molde. Det kan leggast til rette for noko arbeidstid i Kristiansund.

Kvalifikasjonar

  • Tidligare erfaring frå radiologi kan gi fortrinn ved tilsetting
  • Gjennomført norsk LIS1, eller godkjent turnusteneste etter gammal ordning
  • Du må mestre norsk, eller eit anna skandinavisk språk, både muntleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Som LIS i radiologi bør du ha god klinisk forståing
  • Gode evner til samarbeid. Vi har stor grad av samarbeid med legar i andre avdelingar, med radiografar og med andre faggrupper
  • Ein bør vere lærevilleg og fagleg interessert
  • Interesse for ny teknologi kan og vere nyttig, sidan teknologi knytt til faget er i rask utvikling. Mellom anna vil SNR få 3 Tesla MR-maskin med dei moglegheitene det åpnar for. 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Martin Grotnes
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 71122395
Hjemmeside
Arbeidssted
Radiologi Molde og Kristiansund-legar, Helse Møre og Romsdal HF
Bjørnstjerne Bjørnsons veg
6412 Molde