Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av Poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund (BUP) og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund.

Vi ønsker oss en motivert barne- og ungdomspsykiater med interesse for arbeid i akutt ambulant team.

Vi har ledig 1 overlegestilling for spesialist i barne- ungdomspsykiatri på poliklinikken i Ålesund.

BUP er samlokalisert med akutt sengepost og har eit breitt samansett og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira.

Personalet vårt på poliklinikken består av fleire yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege,  geografisk organiserte team. I tillegg har vi eit eige småbarnsteam.

Poliklinikken i Ålesund tilbyr forøvrig spesialisert behandling for OCD og angst etter 4-dagersmodellen. Utvikling av høgt spesialisert behandlingskompetanse i forhold til enkelte lidingar er organisert i ressursgrupper for heile avdelinga, dette gjeld spiseforstyrrelse (FBT), psykose (PEF), akutt/ambulant arbeid. Vi tilbyr behandling for traumer med bl.a. TF-CBT. Vidare har vi eit aktivt gruppebehandlingsmiljø og bidreg til utvikling av mentaliseringsbaserte  gruppebehandlingsformer for ungdommar i Norge.
Vi legg vekt på tett samarbeid med førstelinjetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver for desse er ei forventa arbeidsoppgåve.

Legen vil ha fast arbeidsstad og teamtilknyting til poliklinikken, men vi arbeider for eit felles fagmiljø i avdelinga og ein må vere merksam på at ein difor i periodar også kan få arbeidsoppgåver knytt til sengepost. Legespesialistar i Ålesund servar bakvaktsordning knytt til akutt sengepost, og det medfører at deltaking i vakt er ei forventa arbeidsoppgåve (Akutt sengepost er ansvarleg for ø-hjelp-tilbodet i heile fylket. Vi har 10 sengeplassar, 8 av disse er akuttplassar og 2 plassar er for intermediære og utgreiingsopphald. Sengeposten er godkjent for mottak av pasientar til tvungen psykisk helsevern).

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, dokumentasjon på utdanning og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling. 

Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføre vurderingar og tiltak i tilknytning til ulike akuttpsykiatriske problemstillingar, t.d. suicidalitetsvurderingar samt vurderingar av andre tilstandar som fell under Psykisk helsevern si prioriterte målgruppe.
  • Ambulant oppfølging må påreknast.
  • Stillinga er knytt til eit akutt ambulant team, det inneber at målgruppa hovudsakeleg vil vere barn og ungdom over 7 år.
  • Det er mogleg å kombinere stillinga med arbeid i andre team.
  • Deltaking i bakvaktsordning knytt til ungdomspsykiatrisk sengepost.
  • Deltaking i opplæring og vegleiing til anna helsepersonell (t.d. vegleiing/supervisjon til LIS).

Kvalifikasjonar

  • Sspesialist i barne- og ungdomspsykiatri
  • Inneha rik erfaring med oppdatert kompetanse frå arbeid i spesialisthelsetjenesta (barn/unge alternativt frå arbeid med voksne innen psykisk helsevern)

Personlege eigenskapar

  • Vi er ute etter en positiv, fleksibel og ansvarsbevisst kollega.
  • Søkjar må ha gode evner og vilje til samarbeid samt evne til å kunne jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag.
  • Tilsette blir kontinuerleg involvert i fag- og organisasjonsutvikling og det blir forventa aktiv deltaking og sjølvstendig  initiativ i denne utviklingsprosessen.
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag.
  • Søkjar vil bli del av eit tverrfagleg team og personlege eigenskapar, derav evne til samhandling, vil bli sterkt vektlagt. 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Inger Ann Berge
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70167200
E-post: Inger.Ann.Berge@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Poliklinikk BUP Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Geilebergvegen 20
6017 Ålesund