Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Er du lege med interesse for teknologi og utvikling? Vil du vere med å utvikle framtidas helsetilbod for sjøfolk? Det er ledig stilling (100%) som lege/overlege ved Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin i skjeringspunktet mellom teknologi, samfunnsmedisin og klinikk.
 
Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin er eit nasjonalt kompetansesenter ved Yrkesmedisinsk avdeling i Helse Bergen med formål om å fremme helsa til sjøfolk, fiskarar, dykkarar, offshorearbeidarar mv. Senteret har 16 tilsette og driv bl.a. undervisning, rådgjeving, regelverksarbeid, saksbehandling, forsking, utvikling av medisinske læremidlar, seleksjonsmedisinske utgreiingar (dykkarar og sjøfolk) og driftar den telemedisinske legevakta for sjøfolk, Radio Medico. Senteret jobbar tett med mellom anna Sjøfartsdirektoratet, Forsvaret og Universitetet i Bergen, og har prosjektsamarbeid med fleire offentlege, ideelle og private aktørar innan den maritime næringa i Noreg og i utlandet.

Arbeidsoppgåver

  • Prosjektarbeid – bidra med din kompetanse i innovasjonsprosjekt og kvalitetsprosjekt ved senteret
  • Undervising/formidling på kurs og konferansar
  • Anna aktivitet – aktivt bidra med eigne erfaringar og kompetanse til å løyse senterets oppdrag i inn- og utland
  • Arbeidsoppgåver vil kunne bli endra over tid, tilpassa senterets utvikling/behov og kompetansesamansettinga i personellgruppa. Deltaking i Radio Medico-vakta, den telemedisinske legevakta til sjøs, kan bli aktuelt på sikt
  • Det er store moglegheiter for personlig utvikling i stillinga og det vil leggjast til rette for forsking
  • Reiseaktivitet må påreknast

Kvalifikasjonar

  • Lege med klinisk erfaring, gjerne variert
  • Evne til å uttrykke seg munnleg og skriftleg på både norsk og engelsk
  • Interesse for maritim sektor (sjøfart, fiskeri, oppdrett mv.) eller erfaring frå helsetenester i eit kyst-/fiskerisamfunn

Det vil telje positivt med:

  • Interesse for helseteknologi eller redaksjonelt arbeid
  • Erfaring frå avstandsoppfølging
  • Forskingsinteresse og formidlingserfaring

Personlege eigenskapar

  • Systematisk og resultatorientert arbeidsmetode
  • Ansvarsbevisst med evne til gjennomføring
  • Fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Ei unik moglegheit for nybrottsarbeid i eit spennande, aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling - det vil bli lagt til rette for deltaking i spesialisering innan samfunnsmedisin
  • Lønn etter gjeldande overeinskomst

Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Jon Magnus Haga
Tittel: Leiar
Telefon: 90823355
E-post: jon.magnus.haga@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Yrkesmedisinsk avdeling/ Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin, Helse Bergen
Jonas Lies vei 79
5053 Bergen